Bok

Ikkje noko menneske er ei øy

Eigenleg er heile boka ein einaste stor klagesong, ein elegi, over jenta som døydde.

Thor Magnus Tangerås kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Høg­skolen Kristiania.
Thor Magnus Tangerås kjem frå Haugalandet. Han er førsteamanuensis ved Høg­skolen Kristiania.
Publisert

Debutsamlinga til Thor Magnus Tangerås er på fleire måtar eit imponerande verk. Ho er mogen i både form og språk, og den elegiske språktonen ho er halden i, er i det store og heile overtydande gjennomført. Ø heiter rett og slett samlinga, og det er ei bok om sorg og tap, om dei ytste ting, og ikkje minst om sorgarbeidet.

For temaet er døden til Øyvor, eit barn som ikkje vart meir enn åtte år: «nynn om Ø og Øyvor/ sull om snøen som fell, ordmor/ snøen som fall over kyrkjegarden på Avaldsnes», heiter det i opningsdiktet. Her vert barnet sunge inn i dødsriket, gjennom eit vakkert og nobelt bilete som får meg til å minnast Goethes «Erlkönig».

Eigenleg er heile boka ein einaste stor klagesong, ein elegi, over jenta som døydde, og tonen er høgstemd og alvorstung, som i og for seg høver til innhaldet. Her finn vi djupe og tankevekkjande refleksjonar over døden som fenomen, grunnleggjande poetiske tankar som er noko av det mest gripande eg har lese på lenge: «vit at snøen fell over deg og grava di/ tidleg i februar og til alle tider». I det følgjande diktet er førestillingar frå norrøn mytologi tydelege, sjølv om dei vert førte inn i ei moderne tid:

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement