Bok
Imperiebyggjaren
I 404 f.Kr. tapte Athen krigen mot Sparta, demokratiet vart avskaffa og makta overteken av ein junta, dei såkalla tretti tyrannane.
Kyros’ grav er eit viktig symbol på det førislamske Iran og difor på landets kulturelle eigenart. Her har sjahens troppar teke oppstilling kring monumentet under feiringa av 2500-årsjubileet i 1971.
Foto: AP /NTB
Etter eit år vart tyrannane styrta og demokratiet gjenoppretta, og ein reaksjon sette inn. Han råka også miljøet kring Sokrates, ikkje utan grunn. Sokrates tiltrekte seg unge aristokratar som gjerne kunne tenke seg eit anna styresett, og diskuterte alternativ med dei. Sjølv om han ikkje støtta tyrannane, fekk han folkemeininga mot seg i ein slik mon at han til slutt vart dømd til å drikke gift, mens mange av elevane hans drog i eksil.
Aristokratisk
Mellom dei var Xenofon, ein ung aristokrat med sans for filosofi, men òg for hestar, jakt og våpen. Han verva seg i hæren til ein persisk tronpretendent. Dei tapte det avgjerande slaget, men den greske leigehæren klarte å ta seg heilskinna heim gjennom fiendelandet. Xenofons mest kjende bok, Anabasis, er forteljinga om dette tilbaketoget.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.