Intenst, men ujamt om rusavhengig ungdom
Ben Is Back hanglar mot slutten, men har mykje godt på hjartet.
Julia Roberts spelar Holly, mor til rusavhengige Ben, tolka av Peter Hedges.
Foto: Another World Entertainment
Ein stad i suksessfilmen Ocean’s Twelve seier rollefiguren, spela av Julia Roberts, at ho liknar på Julia Roberts – eit slags botnnivå både for Hollywood-manus og for Roberts karriere. I Ben Is Back ser ho ut til å ha innsett at tida på jorda er kort, og at det finst viktigare ting i livet enn pengar. Roberts glitrar i samspel med Lucas Hedges.
Roberts speler Holly, ei privilegert forstadsmor som slit med å forsone seg med at tenåringssonen, Ben (Hedges), er narkoman. Når vi først møter dei, er det julaftan, men noko er gale. Ben bankar på vindaugsruta og ventar rastlaust på at nokon skal kome – han har stukke av frå rusklinikken. Holly skvett først til, så kjem eit smil; eit mikrokosmos for resten av plottets dramatiske kurve.
Det er ei smertefull forteljing om avhengnad i ein familie. Kor øydeleggande det er, ikkje berre for hovudpersonen, men for alle rundt. Det er lygn, håp og vonbrot om kvarandre. Ben Is Back er på sitt sterkaste i desse skildringane. Roberts og Hedges får det beste ut av kvarandre. Scenene går ofte ein uventa stad, fylt av nerve og liv. Forteljinga står på vaklande føter. Etter kvart som handlinga skrid fram, går dramaet meir over i eit thrilleraktig plott, der Bens fortid skal utbroderast.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.