Teater
«Interessant, klargjerande og velspelt Anna Karenina»
Ine Marie Wilmann i rolla som Anna Karenina og Ferdinand Falsen Hiis i rolla som grev Vronskij i framsyninga på Oslo Nye Teater.
Foto: Lars Opstad
Styrt av blindt begjær
Oslo Nye Teater byr på ei interessant, klargjerande og velspelt tolking av russisk romanklassikar.
No har vi fått nok ei dramatisering av ein internasjonal romanklassikar, og denne gongen er dramatiseringa importert, frå engelsk. Jamvel om Helen Edmundsons tretti år gamle dramatisering nyttar nokre interessante grep, kjennest det underleg å skulle få replikkar frå russisk litteratur via engelsk i 2024. Det gav meg ei kjensle av at litt av Tolstoj blei borte på vegen.
Men sett bort frå alt dette er denne oppsetjinga absolutt sjåverdig, især av di vi ikkje blir fôra med overromantisk tragedie frå første stund. Dessutan blir Anna Kareninas lagnad effektivt parallellført med – eller kanskje heller: kontrastert mot – dei kjærleiksrøynslene den jordnære bonden Levin gjer seg. Å la dei to tale saman utan at dei er på same stad, ved at dei på direkte spørsmål («kvar er du no?») berre gjer greie for sin eigen situasjon, er verknadsfullt. Slik blir livshaldningar og verdiar, eigeninteresse og humanisme sette opp mot kvarandre på tydeleggjerande vis.
Tragisk endelykt
Kort summert opp er Anna Karenina historia om den vakre overklassekvinna (Ine Marie Wilmann) som villig lèt seg forføre av den flotte grev Vronskij (Ferdinand Falsen Hiis) og utan sterke motførestillingar vil forlate mann og son. Ikkje berre søkjer ho si eiga lukke utanfor familien ho sjølv har valt, ho går heller ikkje av vegen for å råke andres lukke. Det er oppskrifta på sosialt og menneskeleg fall og ei tragisk endelykt.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.