Bok
Ja og nei til gruppetenking
Så har vi fått endå ei moralistisk bok om Israel og Netanyahu.
Den israelske statsministeren Benjamin Netanyahu då han deltok i statstråd søndag.
Foto: Sebastian Schneier / Reuters / NTB scanpix
Dei beste journalistane og historikarane er amoralske og kyniske. Ein god historikar eller journalist skal koma med plausible forklaringar på kvifor noko vert gjort og forklara kvifor det eventuelt fungerer eller ikkje. Og sidan ein òg bør gå ut frå at lesarane kan tenkja sjølv, kan ein trygt unngå moralisme. Eit Stalin-sitat for å illustrera: «Når éin mann døyr, er det ein tragedie. Døyr éin millionar, snakkar vi om statistikk.» Du skal vera lite gåverik om du ikkje forstår dei moralske implikasjonane av den utsegna.
Den israelske journalisten og biografen Anshel Pfeffer er ikkje der. Det er kanskje ikkje anna å venta sidan han både er The Economists Israel-korrespondent og sjefkommentar i Haaretz, to organ som dei siste åra har vorte særs moralistiske, og som i staden for å skildra verda som ho er, i stadige sterkare grad vil fortelja lesarane korleis ho burde vera.
Lat meg dvela ved eitt døme, sidan det er særs symptomatisk for skildringa av heile Benjamin Netanyahus politiske virke. Kor langt skal ein gå i å påverka åtferda til veljarane? Det er eit faktum verda over at veljarar har gruppeidentitet. Er du ung kvinne med utdanning i Noreg, røystar du i ni av ti tilfelle til venstre. Er du truande muslim, syner valdagsmålingane til Statistisk sentralbyrå (SSB), er du med i ei gruppe der åtte av ti røystar Arbeidarpartiet. Gjer partia noko med slik kunnskap her heime? Ja: Ap går frå dør til dør i Groruddalen og oppmodar muslimar til å møte opp ved valurnene. KrF i heimbygda mi har i alle år køyrt rundt på gamleheimane og henta eldre kvinner til vallokala sidan dei veit at særs mange av dei røystar KrF. SV har stand på alle høgskular og universitet.
Arabarane er ei gruppe
Det same gjeld i Israel. Sett vekk frå drusarane røystar ikkje arabarar på Likud. Arabarane røystar på dei arabiske partia og på parti som står langt til venstre. Dette er naturleg, arabarane er avhengige av den israelske velferdsstaten, og arabarane ynskjer at Israel minst skal trekkja seg attende til grensene frå før 1967.
Benjamin Netanyahu er den israelske politikaren som fyrst oppdaga kor banebrytande ny teknologi og databasar kunne vera. Han har som fast tradisjon innført at Likud auser på med SMS-ar til potensielle Likud-veljarar for å få dei til å møta opp og røysta. Likud-veljarane meiner noko heilt anna enn arabarane. Dei veit òg at om arabarane møter opp i vallokala, aukar det risikoen for at Netanyahu, eller Bibi, som han vert kalla, tapar valet. Om valet i 2015 skriv Pfeffer at Bibi låg langt etter på meiningsmålingane, og at valdagsmålinga synte at han kunne tapa valet. «Men Netanyahu leit på SMS-ar, Facebook og rasisme.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.