Bok
Jarnbur av plikter og rettar
Språkrådet har skrive ein rapport om korleis særleg minoritetsspråka våre har det i dag.
Det finst ei karikaturteikning der folk slåst. Når ein forbipasserande spør korleis det går med revolusjonen, svarar ei av slåstkjempene: «Førebels slåst vi om korleis ordet skal stavast.»
Det er eit bilete på den norske språkstriden, som gjennom åra har vore like intens som diskusjonen om vi skal ha eit kjønnsliv i Noreg. Båe desse områda har difor vore strengt regulerte gjennom lover, og no i mars vedtok Stortinget den første heilskaplege språklova, med heile 22 paragrafar. Frå før av har vi eit eige språkråd som skal styrkja og fremja og vakta over norsk språk og nasjonale minoritetsspråk.
Det burde difor vera av interesse for mange når Språkrådet no, som oppfølging av den nye lova, har kome med ein språkpolitisk tilstandsrapport som er meint å vera «eit grunnlag for det vidare arbeidet til alle aktørar som har ansvar for å følgje opp den ’nye’ språkpolitikken i sine sektorar».
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.