Bok
«Jonas Hansen Meyer debuterer med ei overtydande soge om den evige ungdommen.»
Joans Hansen Meyer arbeider som litteraturkritikar i NRK og Bokvennen litterær avis. No debuterer han som romanforfattar.
Foto: Anna-Julia Granberg / Blunderbuss
I mi skuletid delte vi elevane inn i «sossar» og «frikar». Sossane gjekk i 80-talets rosa, uformelege genserar og neonfarga leggvarmarar og pulsvantar, dei høyrde på Wham og Modern Talking; frikarane gjekk i fillete dongerijakker som var rivna bak og lappa med sikringsnåler, og der det stod slikt som «The Doors» og «Pink Floyd» skrive med sprittusj rett på stoffet.
Debutant Jonas Hansen Meyer er fødd elleve år etter bokmeldaren, og hovudpersonen hans, Wessel, deler flokken inn i «nerdar» og «dei populære». Forskjellen er ikkje så stor.
Riksmåls-Noreg
For det finst likevel ei inndeling. Det sosiale livet i skuleåra er ugjenkalleleg definert av kor ein plasserer seg, ikkje minst blir plassert, og det er vanskeleg å kome seg ut av kategorien ved eiga hjelp. Dermed er denne romanen sår og brutal, om han aldri så mykje er ei munter og syrleg forteljing om ungdoms ibuande faenskap.
Som tittelen viser, er vi på Midstuen skole i 1998. I dette Oslo vest-miljøet, opp mot Holmenkollåsen, finn vi dei populære klysene Holck og Ålen, og Ulrikke og Michaela; gutane blir omtala med etternamn og jentene med førenamn. Slik skal det vere i Riksmåls-Noreg. Hovudpersonen Wessel har òg eit namn som kling av status, men han finn seg sjølv i gruppa «nesten-populær», der han eigentleg heng med nerden Georg og dei heilt uviktige jentene Lisa S. og «hennes grågensrede venninne», men aspirerer til å bli tatt opp blant dei populære.
«Man kan si og mene at en nerd eller en nesten-populær er like mye verdt som en populær, man kan ha alle slags ideer om menneskeverd og kjærlighet, men hierarkiet er ikke basert på menneskeverd.»
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.