Film
Jordnær romodyssé
Ad Astra reiser langt ut i rommet, men tematikken og bodskapen er godt planta på planeten vår.
Astronauten Roy (Brad Pitt) reiser gjennom solsystemet for å løyse eit mysterium.
Foto: Twentieth Century Fox
I denne store, sveipande science fiction-filmen skal vi heilt til utkanten av solsystemet vårt. Helten vår, astronauten Roy McBride (Pitt), er ein mann på konstant flukt frå seg sjølv. Tidleg i livet mista han faren, Clifford McBride (Lee Jones), også han astronaut. Limaprosjektet skulle reise til Neptun for å starte eit søk etter intelligent liv. Men romskipet forsvann. Og alle trudde McBride senior var død. Det var før Nasa begynte å få merkelege elektroniske signal som kan truge livet på jorda. Signala kjem etter alt å dømme frå «avdøde» McBride. Oppdraget som Roy får i hende, er like kaldt som verdsrommet: Faren må stoppast koste kva det koste vil.
Rom-apokalypse nå!
Regissør James Gray har laga eit nedstrippa sci-fi-drama som graviterer rundt eit far–son-tilhøve. Her er fleire nikk til sjangerklassikarar som 2001: En romodyssé og Solaris og meir moderne sci-fi-verk som Gravity, Interstellar. Men det fremste førelegget tar han frå ein annan type film: Francis Ford Coppolas krigsepos Apokalypse nå!, der hovudpersonen gjennom heile filmen jaktar på general Kurtz inne i den dampande vietnamesiske jungelen. Clifford McBride er nær like mytisk som Kurtz, og Ad Astra tar seg god tid til å skildre det uunngåelege møtet mellom far og son. Det gjer ikkje møtet mindre spennande, forstyrrande eller eksistensielt. Framfor alt er det hjarteskjerande, forsterka av komponist Max Richters strykartunge musikk.
Og så må vi snakke om Tommy Lee Jones, ein av Hollywoods verkelege nestorar. Han briljerer som emosjonelt fråverande far. Like godt frå det kjem ikkje Brad Pitt. Brukt på rett måte hevdar Pitt plassen sin blant dei største skodespelarane i sin generasjon, men i ein film så fokusert på nyansane i andletet til hovudkarakteren, kjem uttrykket hans til kort. I staden lèt regissør Gray ei mykje brukt forteljarstemme skildre sjelelivet hans.
Åleine, saman
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.