Film

Kald krigs kviskring

Ett minutts stillhet fangar Aust-Tyskland i 1950-åra på lettvint og melodramatisk vis.

Ingen av elevane bryt stilla.
Ingen av elevane bryt stilla.Ingen av elevane bryt stilla.
Publisert

Drama

I 1956, fem år før Berlin-muren delte Europa mellom aust og vest, tok ei gruppe elevar i Aust-Tyskland (DDR) til motmæle mot styresmaktene. I solidaritet med det ungarske opprøret mot den sovjetiske invasjonen gjorde dei... ingenting. I ein klassetime lét elevane vere å snakke i eitt minutt. Det sosialistiske DDR-regimet såg på dette som ei kontrarevolusjær handling og straffa elevane. Ett minutts stillhet fangar den sanne historia i eit Europa i kald krig.

Eg veit ikkje kor empirisk korrekt alt i Lars Kraumes film er. Eg vil tru at det er gjort ein del dramaturgiske val for å spisse historia endå meir. Filmen startar med at kameratane Theo (Scheicher) og Kurt (Wächter) tar toget til Vest-Berlin, der dei får høyre om opptøyane i Ungarn og det brutale motsvaret frå Sovjetunionen.

Ett minutts stillhet har ein estetisk fin tidskoloritt, med vakre, unge menneske. I sterk kontrast til det grå og grufulle DDR-systemets tyrannar, blir ungdommane for helgenar å rekne. Dette er ein eindimensjonalitet som filmen tapar på. Likeins samfunnet som blir skildra. Var det verkeleg så trist å vere arbeidar i DDR?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement