Film
Kamel i solnedgang
Det er ikkje heilt godt å sei kva som blir sagt i Si ingenting.
Kven er eigentleg Kamelen, eller gangsterrappar Marcus Kabelo Møll Mosele?
Foto: FIlmweb
Kamelen, Slim Kamel, Noregs fyrste ekte gangsterrappar, shitkid fra Laksevåg – Marcus har mange kallenamn og merkelappar. Ein av dei mest populære musikkartistane her til lands dei siste par åra har sete i fengsel og har eit tvilsamt rykte og lempeleg omgang med kriminalitet. Men kven er han eigentleg?
Gang(ster)syn
«Hold kjeft, lil bitch, du e needy, når eg kommer i rommet, vær lydig». Jaggu. Gangsta-bergensken til Kamelen er interessant i seg sjølv, men eg kan styra meg for fraser som det der, som også minnar om eit anna bergensk hiphopfenomen, Sushi & Kobe, og dermed er det ikkje særleg originalt heller, berre kvinnediskriminerande og nedrig. I mi bok orsakar ikkje ein fråverande far og tidleg ADHD-diagnose at ein tøffar seg som dette. Desse faktorane forklarar kan hende meir hangen han har til motorisert fart, sal av dop, pistolar og anna som får fart på adrenalinpumpa, men eg kjenner eg får mest lyst å fika til han som ei gamal skjærring og spørja om han kysser babygirl-dama si med den kjeften der. Heldigvis har han supertjommi og manager Leo Ajkic til å gjera den jobben, meir eller mindre, takk og lov.
Sei ein del
Kven er eit objekt i ein biografisk dokumentar, eigentleg? Det vil eg i dei fleste tilfelle seie er svært vanskeleg å seie, då ingenting er lettare å manipulera enn slikt materiale. Så då er det opp til både filmskaparar og objekt å avgjera kor mykje publikum skal få sjå, og kva ein lèt vera å visa. Heldigvis for Si ingenting kan den manglande impulskontrollen til Marcus framstå som vitnesbyrd om ein ung mann som meinar alvor, som føler hardt og mykje, som ikkje legg noko mellom. Resultatet blir ei kjensle av å skjøna seg litt betre på tøffingen og sympatisera meir – trass nemnde songtekst – med kven artisten bak valdsdommane og avisoppslaga er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.