Kamelriding i Finnmark
Sjåverdig dokumentar om kamelar og barndom.
Søskena Torarin og Svalin prøver å få skikk på dei baktriske kamelane Bor og Bestla.
Foto: Karl E. Rikardsen
Ni år gamle Torarin Sætereng og storesyster Svalin ynskte seg ein hest. Dei fekk i staden to baktriske – mongolske – kamelar. Dette er ramma for den vesle dokumentarfilmen Kamel.
Over fire år har filskapar Karl Emil Rikardsen følgt familien Sætereng, som bur på Sørøya utanfor Hammerfest. Det er ein lun feel-good dokumentar, skjønt ikkje heilt utan dramatikk, om ein motstraums familie, busett avsidesliggande og med eit spesielt prosjekt: Draumen om å drive kamelriding og kameloppdrett der ingen skulle tru at kamelar kunne bu.
I løpet av ein time og femten minutt tar filmen oss frå Finnmark til Mongolia og tilbake att. Familien dreg nemleg til det enorme steppe- og ørkenlandet for å sjå korleis kamelar blir temde. Her møter dei Adiya, ein ung mann med over 100 kamelar, som dei får lokka til Sørøya for å temme kamelane Bor og Bestla. Det skal ikkje bli så enkelt.
Her kjem filmens største kjernepunkt til uttrykk: Korleis handsamar vi dyr? Det er ei verdifull påminning i vår tid. Bor og Bestla er for familien Sætereng kjæledyr. Og særleg Torarin reagerer på den tilsynelatande brutale måten Adiya og mongolane temmer kamelane. Samtidig er filmen aldri moraliserande på dette punktet. Det er framfor alt fascinerande å sjå den sterke kamelkulturen i Mongolia, prega av kunnskap, stoltheit og tradisjon.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.