Film
Kanonføde
Den populære regissøren av Parasitt er ikkje like skarp i sin nye sci-fi-komedie.
Robert Pattison spelar hovudrolla som Mickey Barnes.
Foto: Warner Bros. Discovery
Mickey (Pattinson) er blakk og i djup gjeld. Til liks med dei fleste menneske er han desperat etter å forlate jorda. Utan å lesa den vetle skrifta registrerer han seg som «overflødig». Jobben er å utføre oppgåver ein neppe overlever på planeten Nilfheim.
Etter kvart oppdrag blir ein ny versjon av han skriven ut. Han hugsar alt, og det er på han igjen. Heldigvis har han kjærasten Nasha (Ackie). Forholdet er rart, all den tid han døyr i eit bankande køyr. Vi kjem inn i historia i det Mickey nummer 17 skal til å stryke med, men ting går ikkje heilt som ein trur.
Kjend storleik
Med Mickey 17 tek Bong Joon-Ho fram dei store kanonane igjen. Dette er ein storproduksjon med stjerna Robert Pattinson i ei litt blass hovudrolle. Eg har lite sympati for Mickey. Han er ein enkel kar som mest er eit offer for tilhøva, men han har for lite gåande for seg til å vekkje sterke kjensler.
Filmen blandar science fiction med svart komedie. Eg ler diverre lite. Verda filmskaparen har bygd basert på ein roman av Edward Ashton, er eit klassisk maskinelt romskip. Heilt greitt. Til liks med Snowpiercer er Mickey 17 ein dystopi som stort sett går føre seg i ein farkost i ei verd dekt av snø. Kjende tema frå filmane til Bong Joon-Ho er med. Ulikskap er viktig, som til dømes i Parasitt og nemnde Snowpiercer.
Standarden
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.