Musikk

Karrierebeste!

Knut Kristiansen lèt seg inspirera av ungdomen.
 

Knut Kristiansen saman med Sigurd Steinkopf (t.v.), Aksel Røed og Per Magne Thormodsæter.
Publisert Sist oppdatert

Knut Kristiansen (KK) er som Miles Davis. Han er på sitt beste når han omgjev seg med ungdommeleg talent. Det kunne vore skrive mykje om KKs nase for talent og vilje til å dra desse fram i rampeljoset. Det kunne vore skrive tilsvarande mykje om plassen KK har og har hatt i norsk og bergensk jazzliv. Det får liggja. Her skal ein berre slå fast at KK har gjeve ut den beste plata si i ein alder av 78 år i selskap med ungdomane Aksel Røed på tenorsaksofon, Sigurd Steinkopf på trommer og ein ungdommeleg 51 år gamal bassist, Magne Thormodsæter.

«Det er en følelse av å komme hem», seier KK om plata. Det gjev meining i fleire samanhengar. Repertoarvalet kan sjåast på som ein heimkomst: Ornette Coleman-låtane «Peace» og «W.R.U.» og overraskinga «Luyah!» av Cecil Taylor frå 1959-utgjevinga Looking Ahead!. KK gjev tolkinga ein karibisk vri der tandemet Thormodsæter og Steinkopf er på sitt aller mest leikne.

Dette er låtar som sikkert har vore formative lytteopplevingar for ein ung KK. Meir overraskande er det at han har inkludert «Eanan, Eallima Eadni» av Nils-Aslak Valkeapää. Låtar av Thelonious Monk er ikkje med denne gongen, men KKs «Old Bottles» har ein Monks påverknad i melodilinjer, rytmikk og pianokor så det held. Dei tre andre KK-originalane «Fader War», «Kaspersen» og «Via Via» dokumenterer det me visste frå før, han er ein framifrå komponist.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement