Musikk

Katy Perrys 143 er ei tannlaus øving i utviding og innskrenking av kropps- og kjønnsideal.

Publisert

«OMG», har eg nettopp lært, står for okulær myasthenia gravis. Myasthenia gravis er ein sjeldan autoimmun sjukdom; eit mogeleg symptom er svak muskulatur kring auga. Ifølgje dr. Aron Smith kan dette vere grunnen til at høgre auge til popstjerna Katy Perry lukka seg under ein konsert i Las Vegas for ganske nøyaktig to år sidan. Eg undrast korleis det er å vere så namngjeten at ein blir fjerndiagnostisert på YouTube.

Perrys sjuande album, 143, er generelt lite godt likt; eg for min del har vore høveleg lite interessert i artisteriet hennar og lyt innrømme at den lette, spretne dansemusikkstilen her har ein viss appell, og vips så sit eg nedi Katy-kaninholet og strevar med å dekode kva for haldning til kropp, helse og venleiksdyrking dette er tufta på.

Teksten i songen «Gorgeous» annonserer at «alle [hennar] kvinner ser nydelege ut», og i videoen til songen «Woman’s World» er det mykje eksponert hud å sjå. Det er tale om eit tablå av eggstokkar, hudtypar og kroppar i ymse former kombinert med referansar til «We Can Do It!»-plakaten frå 1943 – dette feministiske biletet var opphavleg eit stykke krigspropaganda – og – mogelegvis – Dara Birnbaums vidgjetne videokunstverk «Technology/Transformation: Wonder Woman (1978–79)».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement