Bok

Kikholoperasjon

Camilla Bøksles roman er ein skjebnesymfoni. Eller snarare ein skjebnefuge.

Camilla Bøksle (f. 1971) er oppvaksen i Trondheim og bur i Kristiansand. Ho har arbeidd som lærar og førskulelærar både i Noreg og i England.
Camilla Bøksle (f. 1971) er oppvaksen i Trondheim og bur i Kristiansand. Ho har arbeidd som lærar og førskulelærar både i Noreg og i England.
Publisert

Under pandemien levde vi mykje på internett. Vi hadde møte på Teams, såg teaterframsyningar på skjermen, vi møttest i små ruter til fredagsquiz. Men vi fann òg måtar å møtast på i røynda, innanfor den tilrådde avstanden. Bakgardskonsertane var eit slikt påfunn. På YouTube kunne vi sjå klipp frå heile verda der folk drog med seg instrumenta sine ut på dei små balkongane og spelte saman på tvers av etasjane. I Noreg la Eides språksjov på NRK konseptet sitt til bakgarden til Linda Eide, der dei plasserte seg i fleire nivå, med musikk og prat og med lyttarar og applaus frå andre vindauge.

Elegant sydd saman

I Camilla Bøksles Bak åpne vinduer finst ei liknande hending, sjølv om det er frå ei anna tid, som involverer piano, to vokalar og lyttarar: «Folk klapper og jubler. Det er et av disse bakga°rdsøyeblikkene, der alle er samlet.» Det er rørande, samstundes er dei slett ikkje alltid samla, desse i denne murbygninga som saman med andre bygningar ligg kring ein felles bakgard. Dei lever typisk kvar sitt liv. I den grad dei er samla, i alle fall nokre av dei, er det når dei på hemmeleg vis snik seg over til adresser dei ikkje har noko å gjere på. Grunnen til at lesarane får vite dette, er at ein av dei har gått til innkjøp av ein topp moderne kikkert frå den lokale kjøpmannen.

Tankane går til Bikubesong av Frode Grytten, der vi kikkar inn i dei ulike skjebnane i Murboligen i Odda. Eller vi kan assosiere til Hans Kincks novelle «Den nye kapellanen», med den fatalt nysgjerrige familien oppe på fjellgarden. Forfattaren syr på elegant vis saman små glimt av kvardagsfolk til eit innblikk i menneska og deira samhandlingsmåtar. Ho teiknar opp tablå, og etterlèt oss der. Det er nok mat til at vi kan tenke vidare sjølve. Meisterleg er den innleiande skildringa av den vondskapsfulle tenåringsjenta Lisa når ho føkkar med hovudet til den forsagte og talefeilutstyrte kjøpmannen Junker junior. Sidan følger vi Lisa opp i bustaden, og der møter vi skjørtejegerar, cellistar, kinomaskinistar, avisredaktørar og ikkje minst husmødrer.

Oppofringa

Eg gjettar på at vi er på 50-talet, skildringa av husmødrene er som tatt ut av husmorfilmane på 50- og 60-talet. Kvinnene er limte til kjøkenet og vartar opp mennene som sit der med pipa og avisa si og ventar å få alt i fanget. Sjølv den liksom likestillingsvennlege Jon, kikkertmannen, blir snurt når han ikkje får anerkjenning for å ha stabla tallerkenane oppå kvarandre mellom (Gretes) matlaging, servering og oppvask.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement