Film
Kinoåret 2024 oppsummert
Det er semje om årets norske filmfavorittar. Trass i ei ikkje heilt samanfallande toppliste er filmmeldarane jamt over einige.
Helga Guren og Oddgeir Thune spelar hovudrollene i debutspelefilmen til Lilja Ingolfsdottir.
Foto: Norsk Film Distribusjon
Heime fyrst. Elskling av Lilja Ingolfsdottir er ein av dei beste filmane som har gått på kino i år. Filmen raska med seg premiar i Karlovy Vary for den eminente skildringa av ei kvinne som druknar i det fyrste, andre og tredje skiftet. Helga Guren er stor i rolla. Ingolfsdottir knip plassen som noregsmeister framom Dag Johan Haugeruds flotte trilogi Sex, Drømmer og Kjærlighet. Råe kvinneroller finn vi òg i dokumentaren Olfas døtre av tunisiske Kaouther Ben Hania. Historiene er hjarteskjerande. Bileta er vakre. Iblanda fiksjon er lærerik kunst.
Læring
Tyskland leia an med store filmopplevingar i år. Lærerværelset av Ilker Çatak var utruleg nervepirrande. Du kjem ikkje lenger frå Dangerous Minds. I Tyrkia er filmar om lærarar som jobbar langt heimanfrå, nærast ein eigen sjanger. Den rågode regissøren Nuri Bilge Ceylan tyr til ulike blikk i About Dry Grasses, eit sitrande, komplekst drama om ein lærar, ein elev og uvissa knytt til skuld.
Monster av japanske Hirokazu Koreeda blir fortald frå fleire perspektiv. Den japanske meisteren leiker elegant med forventingar og blindsoner i ein rørande film om to gutar og eit vart venskap i ein høgspent skulesituasjon.
Les årsbeste frå filmmeldar Brit Aksnes her.
Smerte
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.