Kjærleik og forviklingar

Romanen er ein moderne sjanger, men også grekarane og romarane skreiv romanar, det vil seie lange prosaforteljingar med fiktivt innhald.

Publisert

Mest kjend er Dafnis og Khloe, ei idyllisk historie om kjærleik i landlege omgjevnader. Goethe meinte boka var så framifrå at ein burde lese henne om igjen kvart einaste år, og ho er blitt illustrert av Chagall og gjort til ballett av Ravel. Dette er også den einaste gamalgreske romanen som hittil har funnest i norsk omsetjing. Romaren Petronius’ Satyricon er også kjend for mange. Boka vart filmatisert av Fellini og er nylig omsett til norsk av Kjell Arild Pollestad.

Med unntak for desse to har den antikke romanen vore lite påakta. Sjangeren hadde heller ikkje nokon høg status i si eiga tid. Til skilnad frå i dag var det sakprosaen, historieskriving, talar, brev og dialogar som hadde status som seriøs litteratur, fiksjonsprosaen brydde ein seg mindre om. Trass i det vart ei handfull romanar tekne vare på og kopierte i nye manuskript ned gjennom mellomalderen, og slik har dei nådd fram til oss.

I nyare tid har romanane også fått større merksemd frå forskarane: Standardboka The novel in antiquity vart skriven av rettleiaren min ved Universitetet i Bergen, no avlidne Tomas Hägg. Det kan tene som påminning om at humanistar ikkje treng tverrfaglege prosjekt med millionbudsjett og deltaking frå minst fire EU-land, workshop om prosjektsøknadsskriving, kurs i forskingsleiing og samanslåing til «robuste fagmiljø» for å «ta ut synergieffektar». Dei treng fred til å halde på med sitt.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement