Bok

Klokt og fengslande om Vik

Alt som vedkjem forfattarverksemda til Bjørg Vik, verkar truverdig og godt sett.

Forfattaren Bjørg Vik fotografert ved skrivebordet i 1994.
Forfattaren Bjørg Vik fotografert ved skrivebordet i 1994.Forfattaren Bjørg Vik fotografert ved skrivebordet i 1994.
Publisert

Sakprosa

Tittelen på biografien Lars Vik har skrive om mor si, forfattaren Bjørg Vik (1935–2018), har dobbelt botn. På den eine sida refererer Bjørg Viks vei sjølvsagt til livet hennar og den retninga det tok, på den andre sida til at Furustadveien i Porsgrunn, der ho og mannen budde i fleire tiår, fekk endra namn til «Bjørg Viks veg» eit års tid etter at ho døydde, 82 år gamal. Lars Vik lar opplysninga om namneendringa markere slutten på biografien, liksom for å sette trumf på det ho har oppnådd i livet, i den siste av dei imaginære samtalene han har med mora medan han skriv.

Det er vel heller uvanleg at ein forfattar har dialogar med den avlidne personen han eller ho skildrar. Ein kunne frykte at det ville verke kokett eller jålete. Eller at lesaren får inntrykk av at biografen trur han kan snakke med dei døde, slik Bjørg Vik visstnok gjorde i ei tid etter at mannen hennar døydde. Men slik får den biograferte sjølv kome til orde: Ho kan opponere mot eller kommentere det sonen skriv om henne, som når han fortel at han ville ha ho plassert på eit senter for ei tid, slik at ho kunne kome til hektene etter eit mindre, nervøst samanbrot. «Det var vel et avholdssted det, da? – Ja, det var det. – For en tåpelig idé! Du er og blir en puritaner.» Lars Vik, på si side, kan fortelje henne (det vil seie lesaren) om ting som skjedde etter at ho døydde, også at dei omfattande privatarkiva hennar no er overlatne til Nasjonalbiblioteket.

Skrive sitt liv

Då eg no las første kapitlet, «De grågrønne leiegårdene» i Bjørg Viks vei, var det som eg hadde lese alt saman før. Og det hadde eg på sett og vis, men i ein lengre, skjønlitterær versjon, for i sommar har eg lese opp att den fine trilogien om Elsi Lund og oppveksten hennar i Oslo på 1940- og 1950-talet (1988–1994). Denne skildringa ligg tett opp til Bjørgs Viks eiga livshistorie. Romanane bygde ho ikkje berre på minnet, men òg på dagbøker og notat som ho alltid heldt innelåst i eit pengeskap. Dei var ei viktig kjelde for henne når ho skreiv, og blei det òg for biografen.

Også i andre bøker skriv Bjørg Vik om livsavsnitt ho har gjennomlevd, med lett attkjennelege personar, som i den seine romanen Roser i et sprukket krus (1998). Her skildrar ho den sterke sorga ei 60-årig enke kjenner over den nyss avlidne ektemannen, korleis ho vart psykotisk ei kort stund, og korleis ho fann glede i forholdet til ein ny mann.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement