Bok
Kolonimakt eller sjølv koloni?
Roar Løken spenner opp eit stort lerret over historia til slavehandelen, men blir uklår i spørsmålet om Noreg var ei kolonimakt eller sjølv ein koloni.
T.v.: Slavemarknad i Nieuw Amsterdam – dagens New York. Nordmenn deltok òg i denne handelen, men under dansk eller, som her, nederlandsk herredøme. Gravering etter ein illustrasjon av Howard Pyle (utsnitt). T.h. boka Slaveri, kolonihandel og rasisme av Roar Løken.
I Stortingsmelding nr. 15 (2008–2009) står dette: «I motsetning til verdens stormakter har Norge få store økonomiske og strategiske interesser globalt, og vi har ingen kolonial fortid.» Dette synet på norsk soge ligg til grunn for Noregs rolle som stormakt innan fred og konfliktløysing. Historieskriving er òg identitetsforming. Men var Noreg ein skuldlaus utkant i eit herskesjukt Europa gjennom hundreår med slavehandel og koloniutbyting?
Nei, seier Roar Løken, som i haust gav ut Slaveri, kolonihandel og rasisme. Virkningene for Norge. Det er ei bok på 506 sider og gjev eit omfattande bilete av Noreg og norsk kontakt med det som den gong heitte Vest- og Austindia. Eg blir overtydd av Løkens «nei», for nordmenn i Danmark-Noreg var å finne i alle delar av slave- og kolonihandelen, men samtidig får eg ikkje merkelappen «Noreg som kolonimakt» til å stemme.
Svart og kvit handel
I 2020 gav Roar Løken ut De dansk-norske tropekoloniene. På framsida ser vi eit skip på veg ut ei hamn. Slaveri, kolonihandel og rasisme har eit målarstykke på framsida som er veldig likt, men denne gongen kjem skuta inn i hamna. Det kan tolkast symbolsk: Løken kjem med utfyllande informasjon til den fyrste utgjevinga.
No blir dei lange liner dregne: Løken går til opphavet og til ukjende sider ved slavehandelen, til dømes får vi vita at det arabisk-muslimske slaveriet var like omfattande som europeisk handel med svarte menneske over Atlanterhavet. Løken viser undervegs til interessant ny forsking på feltet – om den utbreidde skikken med å kastrere mannlege slavar i arabiske land – og til ulike synspunkt hjå forskarar – med viktige namn som den senegalesiske Tidiane N’Diaye. Vi får òg høyre om den kvite slavehandelen, der Løken refererer til forskarar på heimebane, som Torbjørn Ødegaards bøker om Barbareskstatane i Nord-Afrika.
Kapittelet byd på overraskingar for dei som har eit svartkvitt-bilete av debatten. Muammar al-Gaddafi bad om orsaking for arabisk deltaking i afrikansk slavehandel i 2010, og vi får vita at jamvel urfolk i Amerika hadde svarte slavar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.