Kommunismen er ein einsam ting

Det er historia om den venstreintellektuelle som tragisk og malplassert helt i vår tid som er romanen i Habeas Corpus. Resten av boka framstår som repetisjonsøving.

Kjartan Fløgstad har skrive ei rekkje bøker etter debuten i 1968.
Kjartan Fløgstad har skrive ei rekkje bøker etter debuten i 1968.
Publisert Sist oppdatert

Kjartan Fløgstad vert med rette rekna som ein av dei mest sentrale skjønlitterære forfattarane i sin generasjon, med den ruvande Fyr og flamme (1980) som kunstnarleg høgdepunkt. Mellom dei venstreintellektuelle forfattarane som var tonegjevande i det litterære livet i 1970-åra, var han kanskje den som då klårast skilde seg ut med å insistera på det språklege og kunstnarlege, så litteraturen ikkje fall ned til propagandaskrift, slik det var fleire døme på særleg der maoismen var dominerande ideologi.

Men samstundes var Fløgstad nesten i større grad enn maoistane ein forfattar med eit overordna verdsbilete. Eg trur ikkje Fløgstad ser seg sjølv slik, for verdssynet trugar alltid med å undergrava det kunstnarlege. Men likevel vitnar romanane og essaya hans om eit grunnleggjande og medvite syn på korleis verda er sett saman, og særleg om kva tilhøve som rår mellom individ og samfunn, samtid og fortid, litteratur og politikk. Romanane hans er ofte kunstnarens linedans over politikkens avgrunn.

Fløgstad/Solstad

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement