Teater
Korleis er det med oss?
Prislønt familiedrama har gode karakterar, men er vel amerikansk.
Framsyninga byr på gode rolleprestasjonar, skriv Bent Kvalvik.
Foto: Lars Opstad
Familierelasjonar er visst enno det mest aktuelle temaet på teateret. Ein tenker gjerne at det var Ibsen som fann på det, men heller ikkje han saug det frå eige bryst. Dei nyare angloamerikanske klassikarane har like fullt spunne vidare på Ibsen-formelen. Stykket The Humans har vunne fire Tony-prisar. Det er nyleg filmatisert. No har det hatt nordisk premiere på Centralteatret.
Vi ser klårt at dette er «mat» for gode skodespelarar. Dei grip òg om rollene med prisverdig attrå. Teatersjefen lovar (i programmet) eit «moderne drama a la Ibsen». Men Tony-ar eller ikkje, det ibsensk perfekte i form og innhald har The Humans ikkje.
Jau, det er tilløp til sprekt drama her, mange vittige dialogdisputtar ein kan kjenne seg att i. Eit godt vakse ektepar, ei dement farmor, to vaksne døtrer og ein svigerson, alle med skjelett i skåpet som delvis kjem opp til yta, alle får markert seg både individuelt og relativt. Men der ein ventar ei historie med forløysande innsikt, vert det ganske lenge gåande i loop. Og den semiabsurde slutten harmonerer dårleg med den TV-realistiske forma på stykket elles.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.