Musikk

Kraftig kost

Stjernecellisten Gautier Capuçon var god, men ikkje alltid strålande.

Gautier Capuçon (t.v.) i kjend positur i Håkonshallen, akkompagnert av Kim Bernard.
Gautier Capuçon (t.v.) i kjend positur i Håkonshallen, akkompagnert av Kim Bernard.
Publisert

Den mellomalderlege Håkons­hallen blir hyppig nytta under årets Festspillene i Bergen. Akustikken her er godt eigna for kammermusikkframføringar, men berre om der er nok folk i salen, noko som dempar etterklangen. Dei kvassaste lydane blir då avrunda, medan detaljane i pianissimopartia framleis kan høyrast tydeleg.

Måndag var hallen verkeleg fylt med folk. Den franske cellisten Gautier Capucon blei då akkompagnert av den unge landsmannen Kim Bernard. Repertoaret var solid og tradisjonelt, med tre velprøvde romantikarar som blei spelte i rekkjefylgje etter alder.

Schumann

Denne framføringsrekkefylgja fungerte fint. Konserten opna med den kompositorisk minst ambisiøse komposisjonen: Adagio og allegro i Ass-dur, op. 70, som tyskaren Robert Schumann (1810–1856) på sin typiske raptusmaner skreiv i løpet av berre fem dagar i 1849. Stykket er eigentleg tiltenkt klaver og horn, men komponisten noterte at cello kunne nyttast ad libitum (i staden for horn).

Fyrstesatsen er den som minst utnyttar celloens tekniske og klanglege kapasitetar. Sjølv om Capucon gjorde sitt beste for å bera fram vide og songlege melodiliner (også optisk, gjennom veldige bogerørsler og kast med luggen), fungerte det berre halvvegs. Den snøgge andresatsen lét betre. Her var det fint samspel mellom musikarane.

Men også her hadde eg ei kjensle av at berre den øvre halvparten av celloregisteret fekk klinga. Dette har med Schumanns komposisjonsmåte å gjera, ikkje med musikarane: Det var dårleg balanse mellom cello og klaver. Eg fekk assosiasjonar til ein tenor som blir tvinga til å synga ei altstemme. At klaveret gjennomgåande klang for sterkt, gjorde det ikkje betre.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement