Teater
Kritikk og forsoning i dans og teater
To festspelframsyningar tematiserer «sameproblemet». Eller er ikkje samane problemet?
Framsyninga til det nyetablerte Kvääniteatteri handlar om tvil, undering og ein yogaball.
Foto: Jørn Holm
Carte Blanche i Studio Bergen
Vi er inne i ei nasjonal sannings- og forsoningsveke. Kva som kjem ut av dette, er uråd å seie. Viljen til å opne seg for all urett den samiske minoritetsbefolkninga har vore usett for gjennom den brutale fornorskingspolitikken, synest stor. Men kva skal forsonast, kven skal forsonast og korleis skal ei forsoning finne stad?
Festspela i Bergen har valt å ta rapporten frå den statlege Sannings- og forsoningskommisjonen på forskot – både med teaterframsyninga Det usynlige folket frå det nyskipa Kvääniteatteri og med Carte Blanches danseframsyning, Birget; Ways to deal, Ways to heal.
Kor råkande tittelen Det usynlige folket er, går ikkje minst fram av det faktum at då Stortinget i juni 2018 oppretta kommisjonen og gav han mandat, hadde dei visst gløymt at skogfinnane fanst. Dei blei først innlemma året etter. Og det gjekk drygt 20 år frå Kong Harald ved opninga av Sametinget i 1997 sa seg lei for den uretten samane hadde lide, til Stortinget fann tida inne til å sjå sjølvkritisk på den øydeleggjande fornorskingspolitikken og kva for konsekvensar han har fått.
Identitet
Det usynlige folket er den aller første produksjonen frå det kvenske teateret med base i Storslett i Troms. Dei fire aktørane tek oss inn i ein velkjend problematikk for nasjonale minoritetar: spørsmålet om identitet. Kva betyr det å vere kven? I ei fin blanding av alvor og humor, og med ikkje så lite sjølvironi, presenterer ensemblet eit nokså framandt landskap, der ytre press og indre press kan gjere sjølv den stødigaste usikker på kven han eller ho er.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.