JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Framande – overalt

VENEZIA: Årets utgåve av Veneziabiennalen har som mål å løfte opp underrepresenterte kunstnarar og kunsthistorie. Lukkast dei med det?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Frå den nordiske paviljongen.

Frå den nordiske paviljongen.

Foto: Matteo de Mayda / Veneziabiennalen 2024

13484
20240830
13484
20240830

Kunstbiennalen i Venezia er den største mønstringa av samtidskunst i verda, og den eldste. Noko som gjer biennalen unik, er dei 29 nasjonale paviljongane som er bygde i Giardini-parken i den austlege tuppen av kanalbyen. Kvart av landa har bygd sin eigen paviljong, fleire av bygningane er over hundre år gamle, andre er langt nyare. Før vi går inn for å sjå på utstillingane, la oss stoppe litt utanfor.

Det er interessant å gå frå bygning til bygning og sjå korleis dei ulike nasjonane har ønskt å representere seg sjølve. Her er mykje bruk av søyler og inspirasjon frå renessansevillaer, andre har eit meir moderne uttrykk, som den finske frå 1956, teikna av Alvar Aalto. Den nyaste paviljongen har Australia. Etter ei kraftig ombygging i 2015 enda dei opp med ein omdiskutert lukka kvadratisk boks i svart granitt.

Den nordiske paviljongen, som Noreg eig saman med Sverige og Finland, står seg godt i dette selskapet. Den skarpskorne og enkle konstruksjonen som Sverre Fehn teikna i 1958, er framleis ein fryd å sjå på.

Nasjonale paviljongar

Sjølv om ingen andre nasjonar får lov til å bygge nytt i Venezia, har dei høve til å leige plass i andre delar av byen for å lage temporære paviljongar. I 1995 vart det enorme, nedlagde skipsverftet Arsenale teke i bruk.

Dei første åra eg besøkte Arsenale, var bygningane svært slitne. For kvart år vert dei gradvis meir oppussa og betre eigna for visningar. I tillegg er utstillingar spreidde over heile byen, i husvære, palass, kyrkjer og parkar. I år er det så mange som 86 nasjonale paviljongar.

Hovudkuratoren

Paviljongane vert administrerte nasjonalt, medan hovudansvaret for biennalen ligg hos brasilianske Adriano Pedrosa. For kvart år vert det valt ut ein kurator, som bestemmer overordna tittel og tema for biennalen, og som står for dei store internasjonale gruppeutstillingane i biennalen. I år er tittelen Foreigners Everywhere.

Pedrosa ønskjer å setje lys på grupper som i liten grad får merksemd på kunstscena. Han ønskjer å femne vidt nasjonalt sett, samstundes som han har auge for grupper som vert pressa ut på grunn av etnisitet, legning, mangel på utdanning og liknande.

Pedrosa har lukkast med å lage den mest internasjonale utstillinga så langt. Han har samstundes valt nokre underlege grep. I fleire av dei internasjonale gruppeutstillingane er 1900-talskunst sett opp mot nyare verk. Biennalen er ei utstilling av samtidskunst, så eg meiner det er feil arena for å heidre døde kunstnarar.

«Wherever you go and wherever you are you will always encounter foreigners— they/we are everywhere»

Adriano Pedrosa, kurator for Veneziabiennalen 2024

Bruredansen

Andre gruppeutstillingar treffer betre. I ei av mønstringane på Arsenale møter vi på norsk-sudanske Ahmed Umar. Han har fått eit stort areal til performancen og videoen han laga for Lorck Schive Kunstpris 2023, som vart stilt ut ved Trondheim kunstmuseum.

Her framfører Umar på nydeleg vis ein sudansk bruredans, eit verk med dystre undertonar. Sudan har ein rik og fargerik tradisjon som i dag er fortrengd av dei strenge retningane innan islam som dominerer landet. Derfor er det forbode for menn så mykje som å sjå på dansen. På modig vis har Umar laga kunst av å framføre ritualet sjølv, og han dansar så godt at det er til å miste pusten av. Her smeltar form og innhald saman til ei større eining.

Det er generelt sett stor vekt på performance i denne biennalen. Ein av dei heftigaste er laga av meksikanske Sánchez Kane. Ho har designa ei militæruniform med opne spalter som avslører raudt, sexy kvinneundertøy – ei latterleggjering av det meksikanske machoidealet.

Kunst og politikk

Denne gongen er det dei nasjonale paviljongane som er mest interessante, og også mest problematiske. Kunst er politikk, og med tanke på at nasjonane sjølve står for innhaldet, gir dei verkeleg ei føling med temperaturen i verda.

Utstillaren ved paviljongen til Israel valde å stenge på grunn av massive protestar. Dei opnar ikkje før overgrepa i Gaza har roa seg. Ein kan likevel skimte verka gjennom dei store vindauga i bygningen.

Staten Palestina er ikkje anerkjend av Italia og fekk derfor ikkje lov til å lage paviljong. Som plaster på såret fekk palestinske kunstnarar del i det offisielle tilleggsprogrammet. I palasset Contarini-Polignac heng den sjåverdige gruppeutstillinga South West Bank. Her gjer fotografia som Adam Broomberg og Rafael Gonzalez tok av oliventre i okkuperte område, inntrykk.

Fleire av trea er nærare tusen år gamle, og dei vert eit sterkt symbol på den lange tradisjonen palestinarane har i områda dei vert pressa ut av. Dei vert rykte opp med røtene, så å seie. I tillegg har palestinske kunstnarar laga protestutstillingar, arrangert demonstrasjonar og diktopplesingar over store delar av Venezia – aktivisme i eit omfang som vi ikkje har sett maken til sidan sekstitalet.

Russland og Ukraina

Også i den russiske paviljongen er det unntakstilstand. Her trekte kunstnarane og kuratorane seg på grunn av krigen i Ukraina. I staden er paviljongen utlånt til Bolivia, som viser ei interessant samling av urfolkskunst. Ein får likevel litt dårleg smak i munnen av kor hjarteleg Bolivia takkar Russland i den innleiande plakaten. Bolivia har som kjent svært store klasseskilje og heller svake demokratiske institusjonar.

Ukraina har fått ein paviljong i Arsenale, fylt med verk som på ulike måtar reflekterer over krigen dei har fått kasta på seg. I tillegg har nabolandet Polen lånt vekk paviljongen sin til ukrainske kunstnarar.

Her vert vi inviterte til ein makaber karaoke, ein film der sivile ukrainarar smilande gjenskaper lyden av skytevåpen, eksplosjonar og missil, og inviterer publikum til å gjenta etter dei. Det som gjer det heile ekstra hjarteskjerande, er korleis aktiviteten minner om hermeleikar som barn er så glade i.

Storslegen operafilm

Den egyptiske paviljongen ligg tett ved den polske. Her får vi sjå ein storslegen operafilm i åtte akter. Verket som er laga og filma av Wael Shawky, handlar om opptakta til den britiske koloniseringa av Egypt i 1882.

Operaen handlar om sjølve bakteppet, dei handlingane som leia opp til krigen og overtakinga. Shawky har skapt eit forførande univers. Det alvorlege temaet er omslutta av sukkersøte kulissar, ei munter framstilling av eit egyptisk bylandskap med skeive tårn, og ein musikk så vakker at ein lèt seg suggerere inn i hendingane, som dreg ein vidare frå akt til akt. Dei førtifem minutta går som ein røyk.

Wael Shawky, Drama 1882, 2024, den egyptiske paviljongen.

Wael Shawky, Drama 1882, 2024, den egyptiske paviljongen.

Foto: Matteo de Mayda / Veneziabiennalen 2024

Det er interessant å sjå filmen i lys av temaet for utstillinga. I denne kampen for koloniar står dei framande fram som aggressive imperialistar, i kontrast til dei framande i dag, som i stor grad er flyktningar som prøver å flytte på seg for få eit betre liv.

Mange utstillarar i år viser som her korleis fortida gir gjenklang i notida, og korleis gamle makttilhøve ikkje er så tilbakelagde som vi likar å tru.

Samstundes er det vanskeleg ikkje å drage parallellar til det egyptiske regimet av i dag, som strevar med økonomien og kuar journalistar, kunstnarar og forfattarar. For det er framleis eit aukande press på den kunstnarlege fridommen verda over.

Over 70 prosent av verda lever i diktatur. Egypt er eit av landa som tydeleg merkar presset på ytringsfridommen. Ein kan gjere seg tankar om korleis det var å lage nasjonens bidrag. Å skape fri kunst i eit slikt regime må vere som å balansere på ein knivsegg.

Er Veneziabiennalen ein trygg stad for ytringsfridom? Dette er eit for lite omdebattert tema.

Venner og familie

Det er vanskeleg å lage kunst under sensur. For mange av utstillarane er nettopp protesten ein heilt avgjerande del av uttrykket. Gulløva for beste nasjonale paviljong gjekk i år til Australia og utstillinga Kith and kin (Venner og familie) av Archie Moore. Her ser han den korte historia til landet Australia opp mot sitt eige imponerande slektstre.

Det er 254 år sidan britane koloniserte landet – eit tal som står i grell konstrast til dei 65.000 åra aboriginane har levd her. Moore har dokumentert korleis slekta kan førast 2400 generasjonar tilbake i tidsrekninga. Verket viser brutale hol i arverekka, som vitnar om ei fleire hundreår lang undertrykking som enno ikkje er forhistorie, i tillegg til den seige og utrøyttelege evna til å vise motstand.

Overdådige Sveits

Den frekkaste paviljongen av dei alle, der kården vert svinga i alle retningar, er den sveitsiske. Her har den sveitsisk-brasilianske kunstnaren Guerreiro do Divino Amor verkeleg fått boltre seg. Utstillinga Super Superior Civilizations har alt saman, og det i overmål.

Den sveitsiske paviljongen, utsnitt av installasjonen Roma Talismano av Guerreiro do Divino Amor.

Foto: Eva Furseth

Divino Amor er slettes ikkje redd for å by på seg sjølv. Han poserer mot eit bakteppe av kraftige fargar, blinkande lys – kulissar så smaklaust burleske at det liknar lite anna. Og så må ein ikkje gløyme lyden, den brusande, heftige miksen av opptak frå talar og messer, pop, rock og opera. Det er generelt mykje musikk i denne biennalen, og det av overraskande høg kvalitet.

Det er uråd å ikkje gje seg over av latter i møte med overfloda av krass satire. Det er forløysande å høyre korleis han tek oppgjer med sjølvgode sveitsarar, latterleggjer både fascisme og kapitalisme.

Dette er den einaste av utstillingane i biennalen som brukar vidd. Ingenting er som humor når ein skal torpedere motstandarane sine.

The Altersea Opera

Ein annan paviljong som set musikken i høgsetet, er vår eigen. Noreg deler som nemnt paviljong med Sverige og Finland. I år har kunstnarar frå kvart av dei tre landa gått saman om ein forunderleg opera om eit mytisk sjømonster.

Svenske Lap-See Lam er leiar for prosjektet, medan musikken er komponert av norske Tze Yeung Ho og draktene skapte av finske Kholod Hawash. Draktene er sette opp inst i rommet. Det er ein fryd å granske detaljane i arbeidet til Hawash. Her er mange figurative element monterte saman på ein måte som er med på å forsterke opplevinga av operaen.

I verket flyt nordisk og asiatisk kultur saman, bokstaveleg tala. The Altersea Opera handlar om eit monster som er halvt menneske og halvt dyr. Lo Ting vert rekna som forfaren til befolkninga i Hongkong, og han vert også nytta i den vanskelege kampen om demokratiske rettar.

Over store delar av bygningen er det sett opp ein rigg av solide bambusstokkar. På opningsdagen vart verket framført på staden. Songarane hadde på seg dei fargerike og frodig dekorerte draktene til Hawash og klatra over stillaset medan dei framførte den timelange operaen.

Dei rikt dekorerte draktene som er stilte ut i den nordiske paviljongen, er laga av finske Kholod Hawash.

Musikken er eit spennande konglomerat av kantonesisk opera og fleire andre sjangrar som gir meg lyst til å høyre han på nytt. Sidan opningsdagen har det ikkje vore fleire oppføringar, og visningstilhøva for filmen er dårlege. Medan filmen i den egyptiske paviljongen la godt til rette for publikum, med stort lerret, mange sitjeplassar og godt lydanlegg, er visninga i den nordiske paviljongen av mykje lågare kvalitet. Dette gjer det vanskeleg å gje filmen det engasjementet han fortener å få.

Kalaallit Nunaat

Like ved den nordiske paviljongen ligg den danske paviljongen, som for tida er omdøypt til Kalaallit Nunaat, det grønlandske namnet på Grønland. Dette er første gong ein grønlandsk kunstnar vert vist her.

Inuuteq Storch kombinerer eigne bilde av unge grønlendarar med arkivfoto på ein verknadsfull måte. Her får vi sjå seks seriar med fotokunst som gir eit innblikk i eit samfunn som er så nær oss, og som dei fleste av oss veit så altfor lite om. Utstillinga er med på å vekke nyfikne og respekt.

Kringom i byen

Mange av utstillingane er spreidde utover den vakre byen. Ein av dei som gjorde eit uforgløymeleg inntrykk, er den bulgarske paviljongen. Installasjonen The Neighbours tek føre seg overlevande etter den kommunistiske valden som vart utført i perioden 1945 til 1989. Mange vart sende til arbeidsleirar utan rettssak, for handlingar som det verkar meiningslaust å straffe – å syne seg som homofil, synge ein protestsong, be til Allah, kalle opp sonen sin etter Mohammed, snakke romani, ha på seg stramme bukser.

Gjennom tjue år har Krasimira Butseva, Lilia Topouzova og Julian Chehirian samla inn intervju frå overlevande og forska på historia. Utstillinga er bygd opp som stove, soverom og kjøkken. Når vi bevegar oss gjennom dei tre romma, får vi høyre dei mange forteljingane, formidla på engelsk av skodespelarar.

Utsnitt av installasjonen The Neighbours i den bulgarske paviljongen.

Her får vi høyre korleis mange ikkje klarer å fortelje noko som helst om opplevingane sine, medan andre skildrar måten dei vart slått på, og den skremmande togna dei møtte då dei kom attende, måten naboane lét seg kue til passivitet på. Ulike element i interiøret vert med ujamne mellomrom aktiverte, brått tek symaskina til å gå, lyset blafrar over senga – hendingar som er med på å fremje kjensla av uhygge og utryggleik.

Dette er eit gøymt kapittel i den bulgarske historia. Derfor har det i svært liten grad vore noko oppgjer med overtrampa, og dei som har lide urett, har ikkje fått noko monument å gå til med smerta si. Kan hende kan denne utstillinga vere med på å endre dette.

Ein fest for auga

Trass i ein del veikskapar er Veneziabiennalen for 2024 ein fest for både auge og øyre. Samstundes hadde eg venta å verte meir utfordra. Det var få verk som nådde inn i kjernen av dei mange problema vi må hanskast med i vår tid, med tanke på grov utnytting og marginalisering, utført av nasjonar så vel som av kommersielle interesser.

Eva Furseth

Eva Furseth er kunsthistorikar og fast kunstmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Halvor Tjønn

Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.

Tusen dagar med russisk katastrofe

Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Mingleklubben for makt og pengar

Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.

KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.

Thomas Fure / NTB

Samfunn
Christiane Jordheim Larsen

Utfordrar kjønnsundervisninga

Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis