JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Litt av eit hotell

Elvesæter-familien har alltid hatt interesse for kunst. Opp gjennom åra har familien opparbeidd ei unik samling som dei på sjenerøst vis har smykka Elveseter Hotell med.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Adolph Tidemand, «Sognebud», 1862.

Adolph Tidemand, «Sognebud», 1862.

Alle foto: Frank Furseth

Adolph Tidemand, «Sognebud», 1862.

Adolph Tidemand, «Sognebud», 1862.

Alle foto: Frank Furseth

8208
20241025
8208
20241025

Her treng ein slett ikkje vere redd for regnvêrsdagar. Veggane er fylte av kjende kunstverk, og på tunet ruvar ei søyle på 34 meter med ein ryttarskulptur på toppen. Eit hotell som verkeleg er ei kunstmelding verdt.

Det er ofte slik at det ein veks opp med, tek ein som ei sjølvfølge, same kor spektakulært det er. Lom har akkurat passe avstand frå Valldal for ein søndagstur, så eg har ofte vitja Elveseter Hotell. Det var først i sommar det slo det meg med full kraft kor unikt dette hotellet er, fylt av store måleri av kjende kunstnarar.

Kunst overalt: I trappa heng «Reisen til sæteren» (1878) av Anders Askevold. I framgrunnen står ein slede og i hjørnet ei overdådig utskoren barokk søyle som er kjøpt i Paris.

Elveseter Hotell

Elveseter Hotell er ein gamal storgard i Bøverdalen, som ligg nokre kilometer frå sentrum av Lom, ved den nasjonale turistvegen over Sognefjellet, nord for Galdhøpiggen. Her har dei drive hotell sidan 1870, i seks generasjonar. Det er som eit eventyr å kome inn frå resepsjonen, der stove etter stove er fylt frå golv til tak med måla og utskorne skåp, kunsthandverk og måleri. Også vegglister, tak og dørblad er dekorerte.

Her er treskurd og rosemåling laga av lokale kunstnarar, mellom anna nokre vakre skåp forma av Ola Rasmussen (1744–1803) frå Skjåk, og treskeier med vakre, intrikate mønster som er skorne av Rasmus Elvesæter, ein av odelsgutane på garden.

Her er også gjenstandar kjøpte på reiser utanfor landegrensene, som den digre samovaren han kjøpte i Istanbul. Innimellom alt det vakre er også gjenstandar av lågare estetisk kvalitet, som eg gjerne skulle ha rydda bort. Men det fekk bli med tanken.

Adolph Tidemand

Mest imponerande er likevel dei mektige måleria av Adolph Tidemand (1814–1876). Måleria er endåtil nøkkelmotiv i produksjonen til den kjende nasjonalromantiske kunstnaren. Til dømes var «Norsk gravøl» med på verdsutstillinga i Paris i 1855. Kunstnaren måla to like versjonar av bildet, det andre finst i samlinga til Nasjonalmuseet. «Norsk gravøl» viser ein bondepredikant lese over kista, omkransa av sørgande i finstasen.

Gravølet skulle haldast sjuande dagen etter dødsfallet, då likvaka var ferdig. Tradisjonen går attende til heiden tid, ein av fleire ritar som skulle hindre at den døde gjekk att. Typisk for Tidemand har bildet eit intimt preg, det er som om vi står i stova. Han går tett på for å skildre korleis gamle skikkar og tradisjonar vert vidareførte. Måten han løftar opp bonden på, vart særs viktig for utforminga av den norske identiteten.

Dansen i berget

Her er også verk av Gerhard Munthe (1849–1929), som var mange somrar i Bøverdalen. Det store måleriet «Dansen i Bergi» (1908) er inspirert av ei gamal folkevise frå Telemark. Måleriet er dekorativt i stilen, pryda med lauvgull og klåre fargar. Her kan vi følge gangen i songen som i ein teikneserie. Øvst ser vi eit ungt kjærastepar. Så ser vi korleis han ein kveld følger etter henne og forskremd oppdagar at ho går inn i berget. Hjartet brest av sorg når han ser at ho vert stelt til brud.

Fleire av landskapsmåleria er signerte Nils Gustav Wentzel (1859–1927), som heldt til i desse traktene i lange periodar frå 1902. Her heng nokre fine vintermotiv frå Våga som viser tydeleg påverknad frå fransk impresjonisme. Skuggane i snøen er blålege og aldri brune, slik dei var i den tida han måla naturalistiske bilde.

Stove på stove med kunst og kunsthandverk. Bildet til høgre er måla av Nils Gustav Wentzel.

Det er ei heilt eiga oppleving å sjå kunsten i desse omgjevnadene, som del av eit staseleg interiør, og ikkje i eit museum. Vi er vande med å sjå slike verk hengande på rekke og rad på kvitmåla veggar, glatt og kanskje litt sterilt. Det er inspirerande at nokon gjer slik stor kunst tilgjengeleg på andre måtar. På hotellet får kunsten meir bruksfunksjon enn han gjer på eit museum, og i ei visingsform som ligg nærare det desse verka eigentleg var tiltenkte.

Søyla

Like imponerande er det å gå ut av hotellet og sjå den 34 meter høge steinsøyla som ruvar på tunet. Monumentet fortel noregshistoria frå slaget ved Hafrsfjord heilt fram til grunnlovssigneringa på Eidsvoll. Øvst tronar Harald Hårfagre. Kvifor står eit så kostbart og imponerande verk her?

I 1926 vann bildehoggaren Wilhelm Rasmussen (1879–1965) konkurransen om å lage eit monument over riksforsamlinga på Eidsvoll til Stortingsplassen i Oslo, eit definitivt høgdepunkt i karrieren. Før krigen var Wilhelm Rasmussen kjend som ein av dei beste bildehoggarane våre. Frå 1921 var han ein populær professor på Kunstakademiet i Oslo, og mange av elevane kom til å verte kjende bildehoggarar, som Dyre Vaa, Stinius Fredriksen, Ørnulf Bast og Anne Grimdalen.

«Eidsvollsmonumentet» var eit svært ambisiøst prosjekt og ville verte ei av dei høgaste relieffpryda søylene i verda. Ho er delt i tolv delar, som tek føre seg så ulike tema som kongerekka, eidsvollsmennene, viktige slag i mellomalderen, bergverksdrift, norske helgenar og bygginga av Nidarosdomen. I 1939 var rundt halvparten av søyla ferdighogd, og det meste av relieffa ferdigmodellerte og støypte i gips.

Sagasøyla til Wilhelm Rasmussen er 34 meter høg.

Men så vart Rasmussen slukt av krigen. Mellom anna utforma han fleire byster av Quisling og eit sigersmonument for NS på Stiklestad. Han melde seg inn i NS og vart direktør ved Kunstakademiet i 1941, til han vart avsett etter krigen. I dagane kring rettssaka mot Rasmussen i februar 1947 gjekk nemninga «en av de mer kjente kultursvikere» att i avisene. Dommen vart tre år og to månader tvangsarbeid, inndraging av tusen kroner, tap av både stemmerett og retten til å oppnå offentleg teneste. Soninga tok til i april 1948, til liks med dei fleste sona han berre halve tida.

Etter dette verkar det som om avisene særs sjeldan rippa opp i dette med krigen. Alt i 1950 stilte han ut ved Haustutstillinga i Oslo. Men betalte oppdrag vart det lite av. Gjerningane frå krigen vart hengande over han. Sigersmonumentet på Stiklestad vart knust og spadd ned i jorda, der ligg det framleis. Men Rasmussen gav ikkje opp vona om å få opp «Eidsvollsmonumentet».

Det vart ein særs utmattande strid om kva som skulle gjerast med verket. Var verket farga av nazistisk ideologi? Eller var dette eit felles nasjonalt monument heile folket hadde arbeidd saman om – tema og motiv var jo bestemt alt i 1926? Samstundes gjekk tida, og elementa til skulpturen stod dårleg oppbevart i eit skur på Skøyen. I 1965 vart det bestemt at søyla skulle fullførast.

Like etterpå døydde Rasmussen, 86 år gamal, og diskusjonane brusa opp att. No meinte fleire at slike mellomalderdyrkande nasjonalmonument var gått av moten, medan andre ville bevare verket som eit karakteristisk uttrykk for korleis ein tenkte om kunst i mellomkrigstida.

Etter mykje att og fram greidde Åsmund Elvesæter, den dåverande eigaren av Elveseter, å kjøpe søyla. Trass i at han var del av motstandsrørsla under krigen, hadde han fatta stor interesse for kunsten til Wilhelm Rasmussen. Med mykje møde vart søyla frakta nordover. Dei delane som framleis ikkje var ferdighogde, fekk han støypt i kunstbetong. Endeleg vart søyla sett opp på tunet på Elveseter i 1992, omdøypt til «Sagasøyla». Berre ryttarstatuen på toppen veg 6,5 tonn.

Midt i Wilhelm Rasmussen-galleriet ruvar gipsmodellen av Harald Hårfagre til hest, som står på toppen av «Sagasøyla». Ryttarstatuen er heile 4,5 meter høg.

Rasmussen-galleriet

I 1996 vart det endåtil ordna med galleri for Rasmussen. Ei løe frå 1700-talet vart omgjord til visingsstad og husar fleire av gipsoriginalane til «Sagasøyla». I tillegg vert heile 46 portrettbyster viste fram, av mellom andre forfattarar og kunstnarar som Rasmussen kjende, som Christian Krohg, Olav Aukrust, Frans Widerberg, Herman Wildenvey, Bjørnstjerne Bjørnson og Knut Hamsun. Her får vi sjå skulpturane på nært hald, og den store samlinga viser kor dyktig han er til å fange personlegdommane til kvar einskild i leire. Han har ei ulik tilnærming til kvar og ei byste. Fleire av skulpturane er ikkje støypte i bronse, og er såleis ekstra viktige å ta vare på.

I dag er galleriet i sørgeleg forfatning. For nokre år sidan vart bygningen skada av flaum. Galleriet er derfor stengt, men vi fekk gå inn på eige ansvar. Straumen har gått, så vi måtte bruke lykter for å sjå. Det hastar å få gjort noko med huset. Eigarane treng hjelp til å ta vare på den unike kunstskatten. Det er svært sjenerøst at dei deler kunsten med oss på denne måten. Og det er på tide at vi gir noko attende.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brukarstyrt personleg assistanse (BPA) er eit viktig likestillingsverkemiddel.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Ordskifte

Grunn til uro

Ikkje berre er leiande norske politikarar og dei største partia lite opptekne av rettane til menneske med nedsett funksjonsevne; også statlege forvaltningsorgan, til dømes Pasientskadenemnda, praktiserer lovverket på diskriminerande vis.

Carl Aasland Jerstad

Gaute Heivoll har vunne Brageprisen, blant andre prisar, sidan han debuterte i 2002.

Foto: Monika Holand Bøe

BokMeldingar

Eit solid stykke arbeid

Gaute Heivoll skriv storslått om dei små tinga og smålåtent om dei store.

Ingvild Bræin

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis