Modig og tankevekkande
Kvifor er det slik at nokre menneske vier livet sitt til å bygge opp ei kunstsamling?
Kai Fjell: «Fløyten», 1940.
Foto: Stavanger kunstmuseum / Dag Myrestad
Utstilling
Fleire kunstnarar:
Den forbudte skogen
Andreas Siqueland
og Halvdan Hafstens samling
11. november–20. mai
Stavanger kunstmuseum
Den forbudte skogen set også søkelys på vanetenking: Er det berre éin måte å vise eldre kunst på? Svaret til museet ser ut til å vere eit rungande nei.
Med utstillinga Den forbudte skogen har dei sleppt ein uvant villskap inn i museet. Dette er ei utstilling med mange lag. Her er den ærverdige samlinga etter Halvdan Hafsten stilt ut inni ein diger rominstallasjon skapt av samtidskunstnaren Andreas Siqueland (f. 1973). Og for å gjere det endå meir komplisert, så har denne kunstnaren i tillegg hengt opp eigne måleri innimellom verka frå samlinga. Heldigvis er det slett ikkje like vanskeleg å oppleve og nyte utstillinga som å skrive om henne. For ho er særs sanseleg og ganske så intuitiv.
Det er sjeldan å sjå utstillingar som Den forbudte skogen, der eldre kunst så å seie smeltar inn i eit samtidsverk. Siqueland har dekt utstillingsromma frå golv til tak med veggmåleria sine, designa både gardiner og teppe til golva. Kunstnaren er ikkje redd for fargar, friske, reine og sterke linjer buktar og dansar med uvand styrke.
Det er ikkje så ofte vi møter ein så djerv bruk av paletten. Siqueland har innreidd dei ulike salane som i eit hus, med møblar og det heile. Såleis spinn kunstnaren oss inn i ein underleg kokong, ei slags hildring av eit forvakse hus der proporsjonane har gått heilt av hengslene. Og inne i alt dette fargerike har han plassert 208 verk frå samlinga, det som vert kalla Halvdan Hafstens samling. For å forstå utstillinga må vi sjå litt på han som bygde opp samlinga.
Utstillingssalane minner om eit hus med dei ulike romfunksjonane. Her er eit utsnitt av arbeidsrommet, bak gardinene er badet, der Siqueland har plassert eit stort badekar midt på golvet.
Foto: Helle Navratil
Samlaren Hafsten
Gjennom heile livet vigde Halvdan Hafsten (1905–1993) det meste av fritida si til åtte kunstnarar. Alle var sånn omtrentleg på hans eigen alder: Reidar Aulie (1904–1977), Harald Dal (1902–1972), Arne Ekeland (1908–1994), Erling Enger (1899–1990), Kai Fjell (1907–1989), Ragnar Kraugerud (1909–1987), Thorbjørn Lie-Jørgensen (1900–1961) og Alexander Schultz (1901–1981).
Kvifor det vart akkurat desse mellomkrigskunstnarane han valde å satse på, kan ein undre seg over, for det er kvalitetsforskjellar mellom dei. Nokre vart også svært kjente, som Arne Ekeland og Kai Fjell, medan andre ikkje fekk same merksemda. Han var lojal til desse åtte til det siste og ønskte at samlinga skulle leve vidare på eit museum.
Dei i alt 208 verka vart derfor gitt til Stavanger Faste Galleri i 1984. Den store gåva vart brekkstong for etableringa av kunstmuseet i 1992. Som kjent finst det ingen gratis lunsj, ein føresetnad for gåva var at verka alltid skal visast. Samlinga etter Halvdan Hafsten plar til vanleg henge i ein utstillingssal som er spesielt laga for desse verka. For tida er det ei storslegen utstilling med den figurative modernisten Else Hagen i den delen av bygget. Museet nytta derfor høvet til å vitalisere samlinga gjennom denne spektakulære visninga.
– Jeg trives blant triste bilder, kanskje fordi jeg aldri kommer helt til bunns i dem.
Halvdan Hafsten i intervju med Erle Moestue Bugge i Stavanger Aftenblad
Reidar Aulie: «Nature morte», 1951.

Andreas Siqueland har lenge arbeidd med slike omfattande rominstallasjonar og har også tidlegare skapt liknande utstillingar der han dekker heile visningsarealet med landskapsmåleri i den karakteristiske skisseaktige og dekorative stilen sin. Det som er nytt på Stavanger kunstmuseum, er at han her vart invitert til gå i dialog med denne kunstsamlinga med åtte mellomkrigskunstnarar.
Her har Siqueland teke utgangspunkt i korleis samlaren Hafsten levde med kunsten sin. Fram til han gav frå seg samlinga, hadde han verka hengande heime, kvart eit rom vart fylt med kunst. Grepet til Siqueland minner oss på kor kunstig museumsutstillingar eigentleg er, kor annleis verka vert når dei får henge i ei stove eller eit soverom, smelte inn i det heimlege interiøret.
Det er spennande å tre inn i utstillinga. Veggene er frå golv til tak dekorerte med dei organiske formene, trea og underskogen som Siqueland har måla.
Kunstnaren har gjort om utstillingssalane så dei minner om eit hus med dei ulike romfunksjonane, her er bad med badekaret i midten, eit soverom, og i arbeidsrommet har skrivebordet fått ein sentral plass. Men det er ein fri og leiken drøymeversjon av ein heim. I kvar utstillingssal heng veggur, slike bestefarsklokker som markerer kvar heile time med kraftig røyst. Kvar av klokkene i utstillinga slår med ulik fart. Såleis kjennest det som om tida går i surr. Dette er med på å understreke den surrealistiske stemninga.
Imellom alle desse urolege elementa heng altså kunstverka av dei åtte kunstnarane som Hafsten samla på. Desse kunstverka står i hard konkurranse med alle elementa som Siqueland har henta inn, nett som dei gjerne gjer i private heimar.
Dette rommet er ei fabulering over soverommet, med oppreidd seng og måleri av Kai Fjell.
Foto: Helle Navratil
Delte meiningar
Å behandle eldre, tradisjonelle kunstverk på denne måten kan oppfattast som ganske frekt. Siqueland gjer det heller ikkje enkelt for seg sjølv når han vel tittelen Den forbudte skogen, som er noko klisjéaktig, og som ganske mange vil assosiere med den mørke skogen i Harry Potter-universet, der kentaurar og andre uhyggelege vesen bur. Det kan vere at utstillinga ville vore tent med ein annan tittel. For heile utstillinga gir kjensla av å vere i ein draum. Her løyser logikken seg opp og fristiller sansane våre. Vi får aldri noko konkret svar på kvifor Hafsten samla, men det veks fram ein stor respekt, ei forståing for kvifor han vart så glad i desse verka.
Meiningane om denne utstillinga er også svært delte. Har Siqueland laga ei vakker ramme der verka frå Hafsten-samlinga kjem betre til sin rett og vert løfta fram? Eller vert det å gi for stor merksemd til ein samtidskunstnar – det å la åtte til dels svært kjente mellomkrigskunstnarar verte brikker i sine eigne installasjonar? For han har ikkje berre laga veggtapet og teppe – i tillegg har han plassert eigne måleri mellom dei frå samlinga.
Honnør til museet
Men eg synest utstillinga er for rik på nyansar til å avfeiast på denne måten. Dersom ein går grundig til verks og verkeleg granskar måten Siqueland har bygd opp dei ulike romma på, vil ein finne subtile koplingar til verka av dei åtte kunstnarane i samlinga til Hafsten som vert med på å revitalisere verka deira. Ikkje minst vert landskapa i desse eldre verka interessante i lys av vår tids rovdrift på naturen. På same vis får verka frå krigsåra ein uhyggeleg attkjenneleg valør.
Museet skal ha honnør for å riste i konvensjonane. Dette var eit dristig grep, og dei kunne slett ikkje vere sikre på å lande på føtene. Resultatet vart ei forfriskande vitamininnsprøyting av farger og former. Noko som i alle fall er sikkert, er at denne utstillinga fekk meg til å granske verka i Hafsten-samlinga med nye auge.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.