Side om side med Munch
Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.
Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.
Foto: Øystein Thorvaldsen / Henie Onstad Kunstsenter
Utstilling
Christian Skredsvig:
Mot det moderne
Henie Onstad Kunstsenter, Høvikodden
8. november – 2. mars
Kuratorar: Øystein Sjåstad, Victor Plahte Tschudi og Caroline Ugelstad
Utstillinga skal vidare til Prins Eugens Waldemarsudde i Stockholm i april.
Det første som møter oss i utstillinga Mot det moderne, er eit fotografi av Christian Skredsvig (1854–1924) som strekker seg frå golv til tak. Han sit i vinterfrakk og med ein vidbremma hatt på hovudet. Med hovudet kvilande mot handa ser han langt framføre seg, drøymande. Vi kjenner att ein posør når vi ser han. Her er ein som vil opp og fram. Og opp og fram kom han så sanneleg.
På denne tida var kunsten ein av få måtar ein kunne svinge seg oppover rangstigen på. Trass i at kunstnaren vaks opp i enkle kår på Modum, utan måleri og skulpturar rundt seg, skal ein ikkje undervurdere kva som fanst omkring han frå barndomen av. Alt han hadde på seg, var strikka og sydd for hand. Dukar og sengeteppe var pryda med broderi. Kister, dører og fat var utskorne og dekorerte.
Såleis kom han som eit friskt pust til Paris, med store ambisjonar og med digre lerretsflater som skulle dekkast med måling.
«Trass i at Skredsvig vaks opp i enkle kår på Modum, skal ein ikkje undervurdere kva som fanst omkring han frå barndomen av.»
Gullmedaljen
Vinteren 1879–80 var særleg kald i Paris. I «Snekjøring på Seinen» frå 1880 skildrar Skredsvig korleis hestane fører vekk snøen i svære kjerrer og lempar han i Seinen. Verket måler heile 141 x 250 cm og viser at han har eit uvanleg stort talent for å skildre dyr. Det er spennande å sjå korleis nordmannen målar i ei brytningstid, då ein framleis driv landbruk på gamlemåten. Det meste er gjort med handkraft og er særs tungt å utføre for både dyr og menneske.
«Snekjøring på Seinen» kom med på Salon de Paris, som var den desidert viktigaste visingsstaden i Europa på slutten av 1800-talet. Ikkje berre kom han med i dette celebre selskapet, alt året etter vann han parisersalongens gullmedalje med «Une ferme á Veniox». Han er den einaste norske kunstnaren som har fått denne heideren, noko som vitnar om kor høgt han vart verdsett.
«Une ferme á Veniox» (1880–1881) sikra Skredsvig plass på Salon de Paris.

«Une ferme á Veniox» skildrar kyr som vert mjølka på ein bondegard i Normandie. Skredsvig har pensla fram ein roleg, varm atmosfære. Det store formatet, 200 x 300 cm, løftar den kvardagslege scena med kvinner som puslar stillferdig kring dyra sine, opp til eit heroiserande tablå.
I miljøet han vanka i, var folk frå heile Europa; kunstinteresserte av alle slag samla seg her. Om du var rik eller fattig, så flaut samtalen. Og det var kanskje såleis at ein fattiggut kunne komme på bølgjelengd med ei norsk rikmannsdotter og endåtil gifte seg med henne i 1882. I bryllaupsgåve gav svigerforeldra dei ein gard på Fleskum i Bærum.
Fleskum-sommaren
Hjartet i utstillinga er salen med dei blå veggane, som viser måleri av alle som var med på den såkalla Fleskum-sommaren i 1886. Denne sommaren hadde Skredsvig og kona invitert Gerhard Munthe, Eilif Peterssen, Harriet Backer, Kitty Kielland og Erik Werenskiold til gards. Allereie då var alle kjende kunstnarar. Dei stemningsfulle landskapa som vart til i desse månadane, har vore rekna som starten på nyromantikken i norsk målarkunst.
Skredsvig er mellom anna representert med «Sankthansaften på Dælivannet». Utsnittet er tett. Vi får likevel ei aning av himmel og fjellet i bakgrunnen i refleksjonen i vatnet. Verket vart vist på haustutstillinga same året og på Salon de Paris året etter. Mykje ros var det å få begge stadane.
Det er tankevekkande å sjå Fleskum-målarane samla. Medan dei andre kunstnarane i større grad tok steget mot det moderne måleriet, held Skredsvig fast ved uttrykket sitt.
«Ho Beret», 1904. Privat eige.
Foto: Trond W. Andersen
Eggedal
I 1894 går ekteskapet over ende. Skredsvig får seg ny heim på Eggum, giftar seg med ei ung tenestejente og får fire barn. Den siste delen av utstillinga viser arbeid frå desse åra, mellom anna eit stemningsfullt måleri av den nye kona i bunad. Her er også ei heil avdeling der alle bilda har ganske nøyaktig same motiv. Mellom 1901 og 1905 måla han minst tolv versjonar av «Djupsjøen», alle i ulike format. Motivet er søtt i fargen og har høg sjarmfaktor. Dette er det ein kallar «brødmåleri», lettseljelege verk som vert laga for å finansiere resten av kunstnararbeidet.
Gjennom resten av livet var økonomien til Skredsvig ganske spinkel. Kunstscena hadde også utvikla seg, måleria hans vart ikkje sette like høgt lenger.
Dei siste åra skriv han romanar som var delvis sjølvbiografiske. Bøkene slo godt an og vart mykje lesne. Såleis har han vore med på å forme måten han vart oppfatta på, og korleis vi ser på han i dag. Trongen til å skape seg sjølv er svært typisk for tida og truleg det mest moderne ved kunsten til Skredsvig.
«Seljefløyten» frå 1889 er kjært for mange. Guten har spikka seg ei fløyte som han spelar på, medan han granskar seg sjølv i den spegelblanke elva. Det er i ferd med å vårast, og ungguten er i ferd med å bli vaksen. Bildet er i privat eige.
Foto: Jacques Lathion
Moderne?
Sidan Henie Onstad Kunstsenter opna i 1968, har det vore eit mekka for nyare kunst. Derfor er det overraskande å sjå at dei slår til med noko så traust som Skredsvig. Den store hovudsalen er bygd om med lettveggar i ulike blå og grøne tonar og fylt med heile 80 verk i tung gullramme. Dei viser kyr som beitar bedageleg i norske og franske landskap, medan arbeidsfolk syslar med sitt.
Noko av det som karakteriserer kunstnarlivet til Skredsvig, er at han heldt fram i same kurs og med liten vilje til å lausne på stilen. Tittelen på utstillinga kunne like gjerne ha vore «Motstand mot det moderne». Samstundes er det forfriskande å sjå kunsten til Skredsvig i dialog med dei kunstnarane han arbeidde saman med og var oppteken av.
Til dømes hadde han og den ni år yngre Edvard Munch eit opphald saman på den franske Rivieraen i 1892. Utstillinga viser landsskapsmåleri av Skredsvig og Munch side om side. Ut frå brev og andre skriftlege kjelder veit vi at dei diskuterte bilda og gav kvarandre råd, trass i at dei var svært ulike.
Det er dristig at kuratorane har valt å henge verka til Skredsvig saman med verka til Eilif Peterssen og Harriet Backer så vel som sjølvaste Edvard Munch. Eg synest Skredsvig kjem godt ut av det. Han har fanga opp og skildra kvardagslivet på ein måte få andre har lukkast like godt med.
Eva Furseth
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Utstillinga opnar med eit enormt fotografi av kunstnaren i sine glansdagar.
Foto: Øystein Thorvaldsen / Henie Onstad Kunstsenter
Side om side med Munch
Utstillinga Mot det moderne løftar fram Christian Skredsvig internasjonalt og viser at han sette merke på samtida si. Kunsten hans er langt frå smålåten.
Bra harepus
«Kongen av latin-trap» blandar puertoricansk musikktradisjon med moderne popproduksjon.
Hovudaktørane bak Oslo-avtalen, då han blei signert i Parkveien 45 i Oslo. I midten sit tidlegare utanriksminister Johan Jørgen Holst og rett bak seg har han Israels dåverande utanriksminister Shimon Peres. Holst er flankert av den israelske forhandlingsleiaren Uri Savir (til høgre) og den palestinske motparten hans Abu Ala. Bak Peres står dei tre norske diplomatane som var mest aktive i dei hemmelege forhandlingane i Noreg i 1993: statssekretær Jan Egeland, Mona Juul og Terje Rød-Larsen.
Foto: Overvakingspolitiet / NTB
UD-dokument finst i israelske arkiv
Professor Hilde Henriksen Waage har i årevis jakta på dokument frå Oslo-prosessen som manglar i arkivet til Utanriksdepartementet. Nå har ho funne nokre av dei i israelske arkiv.
Etter terroråtaket på Charlie Hebdo-redaksjonen 7. januar 2015 var det minnemarkeringar verda over, som her, i Oslo.
Foto: Fredrik Varfjell / AP / NTB
Den livsviktige satiren
Satiren må framleis ha ein heim. Ti år etter attentatet trengst det nytenking i Charlie Hebdo.
Google byggjer nytt datasenter utanfor Skien i Telemark. – Vi kjem til å måtte byggje meir i åra framover, men vi må gjere det med ei anna forståing av at også natur og areal er ein knapp ressurs, seier Mathilde Tybring-Gjedde (H).
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Naturplan utan samling
Få opposisjonspolitikarar er nøgde med korleis Noreg skal følgje opp måla i naturavtalen. Mathilde Tybring-Gjedde (H) er ikkje viss på at naturforvaltinga i Noreg kjem til å verte betre.