Nord-Noreg er populært blant turistane. Reiselivsnæringa uroar seg for at det kan bli så populært at det blir upopulært. Ein kan snart nytte orda som baseballspelaren Yogi Berra sa om ein restaurant i New York: «Ingen fer dit lenger, det er altfor fullt.»
Men det finst eit alternativ like i nærleiken. Nordlendingane reiser gjerne dit på ferie, bort frå det overfylte Nord-Noreg. Eg snakkar sjølvsagt om Nord-Sverige. Der blir det aldri fullt.
Terra incognita
Storuman. Berre høyr på namnet. Det har noko mystisk ved seg. Korleis skal det uttalast? Kor skal trykket liggje? Eg har sett det på kartet så mange gonger. Men meir enn ein flekk på kartet har det heller ikkje vore. Slike flekker dreg i meg. Kva skjuler seg her?
I sumar skulle vi vitje slektningar på Helgeland i nokre dagar. Ein kan køyre E6 som vanleg, eventuelt trekkje ut mot ferjene på kysten. Men ein har også Sverige. Eg føreslo for kona at vi for variasjonen og ungane si skuld burde køyre gjennom Sverige heimover.
Eg har eit romantisk tilhøve til Sverige. Spesielt når eg er i Sverige, nyttar eg alle høve til å lovprise Sverige og rakke ned på «suppelandet» Noreg. Sjå på kvaliteten på desse vegane! Hundresone overalt. Sjå på prisen på denne snusen! Det er nesten så eg må byrja snuse.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.