Bok
«Kva er det som feilar denne unge kvinna? Og kva er det romanen vil?»
Ingvill Kjærstein er omsetjar og redaktør i tidsskriftet Fett. No debuterer ho som romanforfattar.
Tap og translasjon
Ingvill Kjærstein skriv om ei fortapt kvinne i eit eksotisk miljø.
Ingvill Kjærstein debuterer med ein roman som hovudsakleg går føre seg i Japan. Den namnlause eg-forteljaren er norsk og i tjueåra. Ho jobbar som språklærar, mest i engelsk, i Kyoto. Livet hennar er nokså tomt og gledelaust. Sett bort frå ein god nabo har ho få eller ingen vener.
Av og til møter ho ei elskarinne og har sadomasochistisk sex. Om relasjonen mellom desse to står dette sitatet tidleg i boka, setninga fortel mykje om hovudpersonen: «Sjølv om eg ikkje var forelska, hadde ho noko som eg trong. Ho viste ikkje miskunn, og det stadfesta noko inne i meg, at verda var brutal, at alt eg kunne stole på var at om eg sa stopp, så stoppa det, iallfall for ei lita stund, til eg hadde henta meg inn att og var klar til å stadfeste verda på ny.»
Å ville stadfeste verda og sjølvet gjennom smerte gir meir enn eit hint om psykiske vanskar. Men kva er det som feilar denne unge kvinna? Og kva er det romanen vil?
Det framandgjorde
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.