Teater

Kva er svik – og kven er svikar?

Ei god og viktig oppsetjing om tema vi helst ikkje vil vite så mykje om.

Nina Sele spelar Astrid. Ola Magnus Gjermshus spelar alle mannlege roller.tre / Scenekraft / Haugesund Teatertre / Scenekraft / Haugesund Teatertre / Scenekraft / Haugesund Teater
Nina Sele spelar Astrid. Ola Magnus Gjermshus spelar alle mannlege roller.<00E6>tre / Scenekraft / Haugesund Teatertre / Scenekraft / Haugesund Teater<00E6>tre / Scenekraft / Haugesund TeaterNina Sele spelar Astrid. Ola Magnus Gjermshus spelar alle mannlege roller.<00E6>tre / Scenekraft / Haugesund Teatertre / Scenekraft / Haugesund Teater<00E6>tre / Scenekraft / Haugesund Teater
Publisert

Haugesund Teater / Scenekraft Teaterkompani

Med dette stykket fullfører Marius Leknes Snekkevåg trilogien sin med tema frå den andre verdskrigen – og han gjer det på overtydande vis. Alt med Rabinowitz (2011), historia om den jødiske handelsmannen og humanisten som saman med familien blei utradert i Auschwitz, synte forfattaren evne til å trengje djupt ned i stoffet. Likeins i Jeg vil vaske verden ren, ei forteljing om Halldis Neegård Østbyes veg frå borgarleg tryggleik til leiande posisjon i Quislings NS, spelt på Kilden Teater i fjor haust. I sum kastar denne trilogien lys på sider ved norsk krigsrøyndom som vi ikkje høyrer så mykje om – men utan lettvint moralisering.

Rein fiksjon

Ulikt dei to første stykka er Sviker rein fiksjon. Men det er lett å tenkje seg at scenene dramatikaren skriv fram, har solid ankerfeste i opplevd røyndom. Astrid gjekk inn i NS, blei med i den tyske Raudekrossen og verva seg til hjelpeteneste på austfronten. Etter krigen måtte ho sone ein dom for landssvik, men dette held ho hemmeleg for familien ho etter kvart stiftar. Heilt til landssvikarkivet blir opna for ålmenta i 2015.

Sviker er ikkje eit oppgjer med ei kvinne som valde feil side, men snarare ein freistnad på å forstå. Ikkje berre kvifor ho gjekk i tysk teneste, men også kva som dikterte handlingane hennar etter krigen. For opplevingane ved fronten kom til å prege henne så sterkt – og plage henne så mykje – at det også råka ein uforståande familie. Brått og utan forklaring kunne ho reise bort og bli borte i dagar og veker. Når sonen kjem for å konfrontere den aldrande mora, ei kvinne som ikkje lenger heilt kan halde styr på tida, er det like mykje for lidingane ho påførte familien, som det ho gjorde på austfronten.

At ho gjekk inn i NS, forsvarar ho med at «Det var tida vi levde i. Far min blei medlem.» Som sjukepleiar ville ho ikkje sitje og sjå på kor folk leid ved fronten, same kva nasjonalitet dei hadde. Og trassig slår ho fast: «Eg hadde gjort det igjen!» Ho spør, med rette: Kva med alle dei norske som arbeidde for tyskarane – kvifor fekk ikkje dei straff?

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement