Film

Kva veit vi – eigentleg?

Kor sikre kan vi vere på at det vi veit, er rett? På Bergen Internasjonale Filmfestival (BIFF) fekk eg utfordra vissa mi.

Utanlandske jegarar feirar trofeet i Sør-Afrika.
Utanlandske jegarar feirar trofeet i Sør-Afrika.
Publisert Sist oppdatert

BIFF er ikkje berre Noregs største filmfestival, med meir enn 150 filmar på plakaten, der helvta er dokumentarfilmar. Festivalen er også ein augeopnar til alle verdsdelar, til folks stundom merkelege liv, til korleis tilstanden på planeten vår er, til noko av verdas elende, men også til det som gir glimt av håp.

Så til dette eg trudde eg visste. Det kan vel ikkje vere tvil om at internasjonale troféjegerar, på jakt etter sjeldne villdyr, utgjer det store trugsmålet mot raudlista dyr som The Big Five: elefant, svart nashorn, løve, leopard og afrikansk bøffel? Shaul Schwarz’ og Christina Clusiaus dokumentarfilm Trophy får meg til å lure. At steinrike, suvenirkåte jegerar frå USA skyt pilar med bedøvingsmiddel i nashorn før dei sagar av dei horna, kan ikkje vere anna enn brotsverk. Men filmen fortel oss at dette kan vere ei «livsforsikring» for desse dyra, for då er dei ikkje interessante for krypskyttarar som er eit langt større problem for bestanden.

Éin påstand i filmen er at medan krypskyttarar drep til siste dyr, vil troféjegerar aldri la ein art døy ut. For dei ønskjer ikkje å redusere The Big Five til The Big Four. Dessutan blir det drive avl på somme av desse dyra, så jegerar kan komme til store farmar og jakte på dei der. Greitt nok, men drepinga er ikkje noko vakkert syn, same kva, og den egotrippen dette representerer, kunne verda klart seg godt utan.

I dokumentaren Food Evolution tar regissør Scott Hamilton Kennedy oss på sakleg og informativt vis gjennom det omstridde temaet genmanipulert mat (GMO). Ut frå ei føre-var-haldning har Noreg valt ei restriktiv linje, som det rett nok er politisk usemje om. Det filmen viser, med full respekt for motargumenta, er at vitskapen ikkje kan dokumentere negative verknader. Og skal verda få nok mat, utan den rettvise fordelinga det jo slett ikkje finst politisk vilje til å gjennomføre, kan vi ikkje lite på at produksjonen av økologisk dyrka produkt skal kunne fø oss alle. Langt derifrå.

Trygg kjenner eg meg framleis ikkje, men Food Evolution gav meg noko å tenkje på. Og at den hyperkapitalistiske jordbruksgiganten Monsanto har kunna skaffe seg rettar til og monopolisere natur som skulle vere vår felles ressurs, gjer ikkje filmen noko for å forsvare.

Eit flyktningepos

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement