Musikk

Kvalmande lågmål

Kanye West og Ty Dolla Sign sparkar himla langt nedover med trist lattergassmusikk.

Publisert

YS (skrive med yen- og dollarteikn) er samansett av hiphopartistane Ty Dolla Sign, Kanye West og dei usselt utnytta undersåttane deira. Albumet Vultures 1, som kom ut tidlegare i år, var ikkje noko særleg, og oppfølgjaren Vultures 2 er faktisk endå mindre interessant – med mindre ein skulle vere interessert i eit grufullt studium i misogyni, misantropi, psykotisk mani og lattergassavhengnad.

Vultures 1 såg West ut til å vere fullstendig fanga i ein forkvakla idé om eit samfunn som nærer seg på hans innbilte storleik. På oppfølgjaren nærer den styrtrike, ulukksalige artisten seg på andres ulykke. Resultatet er så stygt og uinteressant at eg faktisk blir kvalm.

Opningssporet «Slide» set den kvalmande stemninga på treffande vis med glissando-orgelakkordar, og den tilhøyrande musikkvideoen er eit makkverk utan like: eit påfallande misogynistisk klasseturistbilete som objektiviserer prostituerte kvinner, heimlause og andre som har trekt korte strå i livet, noko så til dei grader. Heile oppsynet oser noko så inn i betongskogen av megaloman, misogynistisk misantropi.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement