Bok
Kvar kom folkevisene frå?
Eit truverdig svar på gåta får vi i boka Harpe og sverd. Litteraturhistoriske essay om den norske balladen av Olav Solberg.
Folkevisene har ord på seg for å ha komme «rekande på ei fjøl», altså slik at ingen kan vite kvar dei kjem frå. Men dette er ikkje lenger rett – det vil seie om vi avgrensar oss til dei folkevisene som ein reknar til mellomalderballaden.
Men vi får meir enn tittelen lovar: Solberg skriv 350 sider om den nordiske balladen i ein europeisk kontekst – frå dei franske mellomalderromanane til britisk og tysk skrekkromantikk på 1700-talet. Han var med i den dugnadsgjengen som gav ut Norske mellomalderballadar i 2016 – med Nasjonalbiblioteket, Norsk visearkiv og Norsk Folkeminnelag: åtte (digitale) band om tekstane (på bokselskap.no) og fire bokband med melodiar og biografiar over songarar og samlarar. No har han nytta dei vitskaplege referansane som ligg føre i og med dette samleverket, til å dokumentere ferske forskingsresultat for ålmenta.
Stil og sjanger
Første halvdelen av Harpe og sverd underbygger teoriane til svenske Bengt R. Jonsson: Lenge trudde balladeforskarane at den nordiske balladen utvikla seg frå Danmark; andre hevda at sjangeren ikkje kan vere eldre enn reformasjonen. Men Jonsson og Solberg argumenterer – overtydande, så vidt eg kan sjå – for at sjangeren var levande og produktiv i Noreg omkring hundreårsskiftet 1300.
Argumentasjonen går hovudsakleg på stil, sjanger og språkhistorie: Stilen først – dei typiske balladeformlane («nytan drengjen», «fljotan folen», «falske terna») finst alt i «Eufemia-visene», som ein tidfester til tidleg 1300-tal – frå adelsmiljøet på Akershus. Og truleg har denne stilfiguren vore etablert før «Eufemia-visene» – diktaren må ha hatt han klingande i øyret mens han skreiv. Solberg har også funne balladeformlar i daterte brev frå perioden.
Kva med sjangeren? Medan riddarvisene peiker bakover mot dei romantiske riddarromanane som Håkon Håkonsson fekk omsett til norrønt på 1200-talet, peiker kjempe- og trollvisene mot dei norrøne fornaldersagaene – om troll og gygrer og kjempekarar og mirakuløse omskapingar – altså 1200-tal, det også.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.