Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Kvasireligiøs reaksjon

Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.

Foto: Cappelen Damm

2644
20240712
2644
20240712

Roman

Liv Mossige:

Eels have

Cappelen Damm

Liv Mossige (f. 1978) debuterte for ti år sidan med romanen Tyskland, og da ho i 2018 gav ut Armauer – med handling frå leprahospitalet St. Jørgen i Bergen der Gerhard Armauer Hansen oppdaga leprabasillen – blei ho for alvor lagd merke til i det litterære miljøet her til lands. Eels have er den fjerde romanen hennar, og igjen ser ein ei nøytral tilnærming til stoffet, utan moralske føringar, samtidig som det moralske blir sjølve essensen i framstillinga.

Økolandsby

Handlinga er lagd til ein økolandsby i Danmark, Eels have, dit ei einsleg mor og sonen William eller Bill kjem frå Noreg for å bli del av kollektivet. Ho skal stelle og passe ein sterkt funksjonshemma og hjerneskadd mann, Lars på 39 år. Bill byrjar i skolen til kollektivet, driven av den aldrande Paul, som styrer Eels have saman med kona Louise. Lars er sonen deira. Så langt verkar det heile tilforlateleg og innanfor ei ramme av menneskeleg omsorg.

Eels have er tufta på eit idealistisk ønske om å bidra til å redde verda frå å gå under i overbefolkning og eit forbruksmønster som gir ressursmangel, klimakollaps, flyktningkrise og sosial uro. For Paul, leiaren av Eels have, ligg løysinga i å vende ryggen til det moderne, teknologiske samfunnet og heller satse på gjenbruk, sjølvberging og eit primitivt landbruk der hakka og grevet og spaden blir dei sentrale hjelpemidla.

Folk går i brukte klede med jordslag og lukt av kjellar; det er noko uflidd og forfalle over heile idyllen, også eit preg av understimulering og omsorgssvikt i behandlinga av den hjelpelause Lars. Hos Paul og Louise står ein kvasireligiøs ideologi over alt anna, og bodskapen er kynisk og primitiv: Ein må ofre liv for å redde liv.

Sosialdarwinisme

Som leiar av skolen driv Paul bevisst indoktrinering gjennom leik og arbeid, og utan skam eller motførestillingar forfektar han dei sterke sin rett, «survival of the fittest», reinhekla sosialdarwinisme: «Vi som er sterke må stoppe de svake. (…) La bare de svake utrydde seg selv.» Og om han sjølv ikkje får oppleve dette, har han sett det og sagt det med ein allusjon til Bibelen: «Sa jeg det ikke allerede da jeg var midt iblant dere?»

Styrken hos Liv Mossige er at ho sakte, men sikkert skriv fram ei ekkel, inhuman og reaksjonær stemning der forakt for veikskap og forakt for liv blir det dominerande, utan at ho løftar peikefingeren eller uttrykker moralsk forarging. Det overlèt ho til lesaren, og for min del greidde ho det på framifrå vis.

Oddmund Hagen

Oddmund Hagen er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Celeste Dalla Porta spelar hovudrolla som Parthenope, som i gresk mytologi er ei sirene.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Årets dårlegaste?

Verken innhald eller bodskap gjev meining i Paolo Sorrentinos siste rampestrek.

Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.

Foto: Spartacus

BokMeldingar
TomHetland

Fall og vekst i Sør-Atlanteren

Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.

I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Talknusaren og den store avsporinga

For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis