Teater
Kvifor dette no?
Visuelt slåande drapsorgie som kanskje ikkje har så mykje å seie oss i dag?
Leo Magnus de la Nuez som Sergej og Julie Moe Sandø som Katerina Lvovna stykket til Nikolaj Leskov.
Foto: Jens Sethzman
Kva for signal er det Kjersti Horn vil sende når ho
opnar perioden sin som sjef for Det Norske Teatret med å setje opp ei
dramatisering av Nikolaj Leskovs novelle/kortroman Lady Macbeth frå Mtsensk-distriktet (1865)? Kvinneundertrykking og -frigjering? Kva som kan
skje med ei kvinne som er fanga i eit kjærleikslaust ekteskap?
Opninga er strålande med bryllaupstablået, der brura
til slutt står aleine att i det store scenerommet. Så følgjer scena som blir
gjenteken fleire gonger, akkompagnert av trugande tonar. Praktfullt. Her er
einsemda og keisemda – men også varsel om det grufulle svaret dette skal
utløyse.
Den eldfulle Katerina (Julie Moe Sandø) giftar seg av
naud med ein velståande kjøpmann og gardeigar som berre er ute etter ein
arving. Då han er på reise, gir Katerina seg over til stallguten Sergej (Leo
Magnus de la Nuez) i heit lidenskap. Svigerfar hennar skjønar kva som skjer;
det blir òg det siste han skjønar. Nye drap følgjer, inntil også ein liten gut
må late livet og Sergej fatalt nok – for han – får samvitskvalar. For då er
ikkje lenger erotisk begjær motivet, men reint pengejag.
Her er både Leskov, Shakespeare og litt Madame Bovary
i ei estetisk blanding som også hentar impulsar frå den (førebels) siste av dei
fire filmatiseringane denne historia har vore utsett for (2016, regi: William
Oldroyd). Som heilskap fungerer det ikkje heilt tilfredsstillande, men Julie
Sandø er overtydande som den nådelause Katerina som ikkje vik tilbake for noko.
Også de la Nuez gjer jobben sin godt. Det same gjeld Iselin Shumba i rolla som
hushjelpa som er lettsindig nok til å tru at ho kanskje kan stige frå tenestejente
til noko høgare all den tid ho har vore vitne til drapa.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.