Musikk

Kvifor Marcus skriv

Den nye boka til Greil Marcus er ein kamuflert sjølvbiografi.

Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Greil Marcus er musikkskribent og kulturanalytikar.
Publisert

Kva er kritikk, og kva kan kritikk vere? Musikkskribenten og kulturanalytikaren Greil Marcus kjem med eit bod i What Nails It, ei fin lita bok om det å finne vegen til si eiga skrift: Kritikk er ein analyse av eigen respons til noko som finst der ute i verda. Ei slik haldning fører kritikaren til dei rette spørsmåla: «Why am I reacting to this so intensely? Why does it make me smile and scare me at the same time?»

For Marcus, som har vigd livet sitt til å reflektere rundt slike spørsmål i møtet med mange kulturuttrykk, men mest av alt musikk, utgjer ei slik utveksling eit krav om kulturelt medborgarskap, der ein ikkje berre har rett til å ytre seg om si meining, men også plikt til det.

Kamuflert sjølvbiografi

Dette synet på refleksjon og skrift sporar han tilbake til sitt første møte med Let It Bleed (1969), som var «mykje meir enn eit nytt Rolling Stones-album»: «It had a longer look back, and a longer gaze forward. It was about – or it was an attempt to enact – the close of a chapter in history, of the idea, already being sold as a brand, of ’The Sixties,’ a period in which people living it historicized it as they did so.»

Tolkinga er typisk for Marcus – ingen kan utleie populærkulturelle eksegesar heilt som han, sjølv om det etter kvart finst ein del som liknar. Den musikken han verkeleg meiner er viktig, tek han også på største alvor. Det dreier seg trass alt om ein forfattar som har vigd ei heil bok (2005) til ein einaste Dylan-låt, «Like a Rolling Stone», og alt den kan romme – som ikkje er lite når Marcus får sleppe laus.

Neste sommar vert Marcus 80 år, og det er mogleg å lese What Nails It, som inngår i Yales fine «Why I Write»-serie, som ein kamuflert sjølvbiografi. Som dei andre bøkene i serien er også denne basert på det årlege Windham-Campbell-foredraget, og tonen er spørjande og tilbakeskodande. I tre delar reflekterer Marcus over dei vegane eit skriveliv har ført han inn på, og over dei vegane som førte han inn i eit skriveliv.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement