Bok

Kvikt, lettliva og engasjert

Alle dikta i Samling. Dedikerte dikt har ei tydeleg retning, sjølv om dei ikkje trekkjer i same lei.

Erling Kittelsen debuterte i 1970 og har skrive dikt, fablar, romanar og gjendiktingar som han er prislønt for.
Erling Kittelsen debuterte i 1970 og har skrive dikt, fablar, romanar og gjendiktingar som han er prislønt for.
Publisert

«Sola skinner et språk jeg ikke forstår», heiter det i eit dikt i Erling Kittelsen nye diktbok. Diktet ber tittelen «(til meg selv)». Utsegna er tvitydig, ho fangar ei framandkjensle, og samstundes er ho knytt til noko positivt, sjølve rytmen strekar under det. Eget gler seg over det ein ikkje veit sikkert. Det uforståelege blir ikkje til ei uoverstigeleg grense for eget, det referer til seg sjølv som «en avkrok hvor hele universet/ ikke lenger kan holdes utenfor».

Erling Kittelsen har sidan debuten i 1970 med Ville fugler skrive i dei fleste sjangrar, jamvel om han alltid verkar å utfordre konvensjonane som gjeld innanfor den bestemte sjangeren. Kittelsen søkjer seg til randsonene og utkantstadene, for derifrå å skape overraskande utsikter og innsikter.

Meir lettliva

Samling. Dedikerte dikt vil ein kanskje oppfatte som meir liketil, lettliva og streitare enn mykje Kittelsen har skrive tidlegare, men i botnen finn ein utan atterhald den engasjerte tilnærminga som går lik ein raud tråd gjennom heile den lange forfattarskapen.

Kittelsens poesi har alltid vigd seg – til her og no, til menneske, verda og røynda. Ja, også når poeten borar i dei fjerne opphavsmytane og tradisjonstekstane, slik han til dømes gjorde i Hun i 1989, der Voluspå var omdreiingspunktet, er verket tileigna samtidsmennesket.

Ulik komposisjon

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement