Teater
Kvinnekroppen i heftig humorshow
Modernisert «feminismebibel» som er meir underhaldning enn opplysning. Og slik må det kanskje vere i 2024.
Reidun Melvær Berge og Kasper Skovli Botnen spelar kvinne og mann gjennom ulike livsfasar.
Foto: Andreas Roksvåg
Når den såkalla feministbibelen Kvinne, kjenn din kropp no har funne vegen til scenen att, kan det vere greitt å vite at dette er i ein annan versjon enn den som vekte både sinne, jubel og latter i det store feminismetiåret. Men Kamilla Wargos sceneutgåve frå 2010 er ikkje mindre underhaldande. Det Reidun Melvær Berge og Kasper Skovli Botnen presenterer på den intime scene 2, er absolutt verdt å få med seg. Også for menn, som ikkje trengt ottast for noko dei ikkje toler sjå.
I 1975 kom den danske handboka og praktiske helseguiden Kvinde, kend din krop, året etter låg ho føre på norsk (Pax Forlag). Fram til 2001 kom boka kvart tiår i nye utgåver. I 2004 kom ei oppdatert og utvida utgåve på same forlag. Som raudstrømpekampskrift i kvinneleg sjølvoppdaging og sjølvrespekt var boka revolusjonær. Samla skal bøkene vere selde i over 300.000 eksemplar i Skandinavia. Det er desse utgåvene som ligg til grunn for Kamilla Wargos sorgmuntre framsyning om kvinneleg identitet, der ho rett nok stiller seg nokså fritt til opphavet.
Inga tradisjonell soge
All den tid bøkene tek for seg dei fleste sider ved det kvinnelege, så å seie frå fødsel til død, seier det seg sjølv at denne framsyninga ikkje kan bli ei tradisjonell forteljing. Dessutan har mykje skjedd på femti år, dagens kvinner veit langt meir om sex og helse enn formødrene deira, og dei har kort veg til faglege kjelder om det er noko dei lurer på.
Difor kan ei framsyning som denne leggje meir vekt på humor og underhaldning enn folkeopplysning i tradisjonell meining. Publikumsreaksjonen tyder òg på det er ei rett prioritering. I dag er det heller ingen som lèt seg sjokkere av at to skodespelarar, som her, kler seg heilt nakne på scenen. Tvert om, dette er jo eit stykke om kropp. Ein ser det berre som ei hyllest av den naturlege kroppen. Oppsetjinga er sjølvsagt sterkt modernisert og verkar difor ikkje utdatert på noko vis.
Skråblikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.