Film

Kyrtid

Skikkeleg gode, oppløftande filmar kan også ha viktige bodskap.

Den 18 år gamle, festglade Totone (Clément Faveu) får livet snudd opp ned då faren døyr i ei bilulukke.
Publisert Sist oppdatert

For unge, festglade Totone (Faveu) blir livet snudd på hovudet etter at faren døyr i ei ulukke. Ikkje veit han korleis han skal driva mjølkegard, ikkje har han pengar, og når han i tillegg får omsorg for den sju år gamle systera Clair (Garret), hopar det seg opp.

Men korleis kan han tena pengar på landsbygda i Dei franske alpane? På ost, sjølvsagt. Saman med kompisane byrjar han stela frå nabogarden og den unge bonden, Marie-Lise (Barthelemy).

Amatørbragd

Sol! Sommar! Grønt gras! Drita fulle bygdeungdomar! Eit slikt scenario kan like gjerne gå i retning tragedie som feel-good, og Den grønne dalen balanserer ei stund her før du ganske fort skjønar at du kan lena deg tilbake og la alle dei vakre inntrykka treffa deg utan høge skuldrer.

Mykje står på spel, men Totone har det aller viktigaste i livet sitt: gode vener. Det at venskap reddar dagen, er alltid ein håpefull bodskap, for i motsetning til familie som ein får utan å kunna påverka valet, så kan ein jobba for venene sine. Eller la vera, men det pleier ikkje vera så fruktbart.

Tileigna seg kunnskap er heller ikkje det dummaste ein kan gjera, noko Totone innser at han må. Og for eit kupp regissør Louise Courvoisier har gjort med Clément Faveu i hovudrolla! Og for ei bragd av regissøren: Alle skodespelarane er amatørar, noko som kan merkast, ikkje ved at det er dårleg, tvert imot, det verkar herleg ærleg og genuint. Det spørst ironisk nok om dei blir verande på bygda etter denne filmprestasjonen...  

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement