Bok

Læresvein i draumeritt

Erlend O. Nødtvedt overraskar så å seie alltid.

Erlend O. Nødtvedt fekk Mads Wiel Nygaards legat 2019 for den samla forfattarskapen sin, som rommar både diktsamlingar og romanar.
Erlend O. Nødtvedt fekk Mads Wiel Nygaards legat 2019 for den samla forfattarskapen sin, som rommar både diktsamlingar og romanar.
Publisert

I diktboka Olav Nygards seng stig Erlend O. Nødtvedt inn i svevnen, draumen og nattas rike. Lesaren blir vitne til ei visjonsferd som blir utløyst av ein rekvisitt, den gamle senga til lyrikaren Olav Nygard (1884–1924). Dimed står også desse dikta med ein fot i romantikaren Nygards visjonsrike lyriske univers. Søvnen er også bilete på døden. Nygard vert omtala som dødsdiktar.

I lyrikkbøkene til Nødtvedt vil ein finne overgangsstader, til dømes ei grind, ein port, ei luke eller ei opning – som fører både det lyriske språket og det lyriske eget ut or det vande og kvardagslege og inn i ei verd der festegrunnane i det dagklare losnar.

Eit vilt sengeritt

Det heile startar med at det lyriske eget får hjelp til å plassere Olav Nygards seng på tørkeloftet. Familien vil ikkje ha den gamle, smale senga i husværet. Ei natt smyg eget seg opp på tørkeloftet, legg seg i senga med den harde sengebotnen og sovnar momentant. I draumesyn kjem draumesystrene Ingerid og Anima til senga. Dei kjem etter kvart til å buksere senga ned til breidda av Bolstadelva og setje ho på vatnet. Det vert til eit vilt sengeritt nedover elva.

Slik er ramma for komposisjonen. Komposisjonen skal forresten ifølgje eit dikt vere drøymd fram ved hjelp av to drøymde ord. Men å kome frå draumen attende til den verkelege verda igjen er ikkje så enkelt, for alt som oppstår i draumen, verkar som det havarerer når dagen kjem, for «når jeg morgenrød mottar skytalestokken/ og folder ut lærreimen/ er nattens mening uoversettelig».

Når ein lèt seg føre gjennom ei av Nødtvedts diktbøker, blir ein alltid overraska. Av eit stort tilfang av klangar, ord og uføresette ordsamansetjingar. I tillegg maktar poeten å innlemme mykje kunnskapsstoff i dikta, sprekkeferdige som dei er av referansar til alt frå Zigiqu-tavlene frå Hammurabidynastiet til tilvisingar til antikke mytar, til eventyr og folketru og til vitskaplege termar for ulike søvn- og draumeproblematikkar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement