Film
Linsemagi
Eg synest du skal unna deg ein tur ut i naturen på næraste kino.
Pallaskatten, òg kalla steppekatt, lever på høgtliggjande stepper i Asia, frå Iran til Kina og Mongolia.
Foto: Storytelling Media
Væpna til tennene med kamuflasjeutstyr og fotografiapparat vandrar trioen Marie Amiguet, Munier og Sylvain langs Det tibetanske platået på jakt etter den sky snøleoparden. Meir lette å få auge på er dei mange andre vakre dyra som lever utan innblanding frå menneske, som om det var sånn verda skulle vore.
Nasjonalgeografi
Kor ubetydelege er me ikkje eigentleg som art? Det er ikkje små spørsmål som vert stilte oppi dei høge, bratte tibetanske fjella. Kanskje alle burde lura på dette iblant, all den tid me forserer kloden som om han eksisterte berre for at menneska skulle herpa han opp til det ugjenkjennelege.
Utover desse filosoferingane er Snøleoparden for det meste ein film som senkar blodtrykket ditt heller enn å auka det. Rett nok kan synet av ein diger jakokse i brunst som står og stampar og stirar mot kamera, få opp pulsen, men elles er det som å vera på tur med Sverre M. Fjelstad, den gamle Naturmagasinet-ringreven på NRK: ei blanding av låg kommentering av det som skjer, lange sekvensar med venting, og så «Oi! Såg du det?», før telelinsa igjen sveipar over landskapet.
Utstyret er nok nokre hakk kvassare enn i førre tusenåret, noko som gjer at dei franske følgjesveinane våre fangar fascinerande scener mellom anna med eit ventekamera som filmar døgnet rundt. Det er noko spesielt med å observera dyra utan at dei veit om det. Men som Munier seier: Viss det er nokon som vert observerte, så er det han og turfølgjet.
Mjau!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.