Litteratur
Historia om eit fotografi
Den 13. oktober 1941 vart ei jødisk mor med to born drepne i Miropol. Wendy Lower har skrive bok om det.
Historikaren Wendy Lower har freista å identifisere den jødiske mora og dei to borna på dette fotografiet.
I februar 2022 starta Russlands fullskalainvasjon av Ukraina. For ein historikar som har arbeidd med holocaust, gav dei mange stadnamna som vart skrivne om i meldingane frå landet, langt fleire konnotasjonar enn for mange andre. Lviv (ein gong Lwów eller Lemberg), Ternopil (ein gong Tarnopol) eller Vinnytsia (ein gong Vinnitsa) eller Bila Tserkva; alle desse namna minte meg om fortida på ubehageleg vis.
Sommaren 2022, i skuggen av krigen i Ukraina, las eg ei bok av historikaren Wendy Lower, The Ravine: A Family, a Photograph, a Holocaust Massacre Revealed. Boka handlar om ein massakre på jødar i den vesle byen Miropol, knapt 20 mil frå Kyiv i vestleg retning i Ukraina 13. oktober 1941.
Boka til Lower har som utgangspunkt eit fotografi som ein slovakisk soldat tok av massakren den dagen. Biletet er sjokkerande brutalt: I røyken frå geværmunningane veltar ei skoten kvinne og ein gut over kanten av noko som ser ut som ei ravine. På bakken ved sida av står eit par støvlar frå eit tidlegare offer. Patronhylser og klede ligg slengde på bakken.
Ei kvinne og to born
Tilsynelatande blir to menneske myrda: ei kvinne og ein liten gut. Medan kvinna vert skoten, veltar guten over kanten og ned i ravinen. Mordarane ofra sjeldan kuler på born. Men i skuggen av krutrøyken kan vi sjå konturane av eit anna barn, som kvinna held i den andre handa.
Boka til Lower søkjer svar på sentrale spørsmål: Kven var kvinna og dei to borna? Kven var dei som skaut? Kven tok biletet – og kvifor? Kva hende eigentleg i den vesle byen Miropol 13. oktober 1941? Ho seier det slik:
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.