Musikk

Livet er ein liten vits

Amigo the Devil skyr ikkje unna galgenhumor i musikken sin.

Danny Kiranos skjuler seg bak artistnamnet Amigo the Devil.
Danny Kiranos skjuler seg bak artistnamnet Amigo the Devil.
Publisert

«Life is a joke,» syng Amigo the Devil i den åttande låten på ferske, ironisk titulerte Everything is Fine, «and death is the punchline».

Eit slikt svartsyn gjer seg ikkje gjeldande berre i songen med den talande tittelen «Hungover in Jonestown», men her, som i mykje av det andre materialet på albumet, finst det små, umiskjennelege dosar med mørk humor også.

Vik ikkje

At mørk humor er ein vesentleg ingrediens, vart også tydeleg då eg høyrde Danny Kiranos – mannen som skjuler seg bak artistnamnet Amigo the Devil – i Nashville-klubben Mercy Lounge førre veke. Gøymt i den gotiske rockens tidvise nihilisme ligg det ein eigen katarsis. Folk i salen tralla med på «lalala» i «Hungover in Jonestown», og Kiranos-gjengangaren «I Hope Your Husband Dies» kalla fram allsong. Mellom den skjeggete og langhåra Kiranos’ mange tatoveringar kunne vi sjå ein øldrikkande Gud utstyrt med ein iPod.

Everything is Fine er ein ganske dempa affære, men ikkje akkurat blodfattig, trass i det relativt høge blodtapet i songane. På plata, som på scenen, løftar Amigo the Devil fram ein banjo, og han stirer deg hardt i auga med songar som ikkje vik blikket. Opningssporet «Cocaine and Abel» er klassisk eksistensiell americana, med anger, mismot og lengt etter forsoning som sentrale motiv.

Solid låtmakar

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement