Mafia på høgt fagleg nivå
«Ærleg» korrupsjon har lenge vore eit problem i Russland.
Den russiske presidenten Vladimir Putin kontrollerer truleg ein formue på 70 milliardar dollar.
Foto: Alexander Nemenov / AP / NTB scanpix
Kor vanskeleg eit russisk omgrep kan vera, lyser mot oss i namnet på denne boka om den organiserte kriminaliteten i det moderne Russland. Vor er ordet for tjuv, vory er fleirtal. Greitt. Men så er det vor v zakone, som bokstavrett tyder «tjuv i lova» – ein kriminell som lever og arbeider etter dei interne reglane i forbrytarverda. Held han seg til dei, skal han til dømes aldri ha løna, fast arbeid.
Det sicilianske omgrepet omertà (teieplikt som det er dødsstraff for å bryta) er ikkje i bruk i russisk, men regelen gjeld, og blodet flyt. Da er det tale om «ei våt sak» (mokroje delo) – poetisk nok fordi det gjerne vert mykje blodsøl og gørr når ein regelbrytar skal møta sin rettvise lagnad.
Samtidshistorie
Mark Galeotti, britisk russlandsforskar knytt til eit internasjonalt institutt i Praha, har studert organisert russisk kriminalitet i 30 år, altså frå slutten av Gorbatsjov-tida. 54-åringen har skrive mange artiklar i kriminologiske og sosiologiske tidsskrift. Vory, som kom i fjor, er eit oversyn over vurderingane hans. I år har han gitt ut ei boka med ein tittel som tyder «Vi lyt tala om Putin».
Galeotti er 13 år yngre enn Putin og fødd same året (1965) som statsminister Dmitrij Medvedev, så dette er samtidshistorie. Men alt har eit opphav, og han trekkjer trådane frå store namn i den russiske forbrytarverda, nokre av dei med status som ein Gjest Baardsen. Skilnaden er at dei russiske forbrytarkongane heile tida har vore langt meir brutale.
I tillegg vart Russland tidleg ein mangenasjonsstat, og med varierande kraft er nasjonalitetsgrensene synlege mellom gruppene, ofte med små, men blodige borgarkrigar som kan ha utspring i usemje om områdedominans. Dette «systemet» fekk sterke gjennomslag under og etter revolusjonen og under borgarkrigen i 1920-åra.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.