Musikk

Mandolinen på kjøkenet

Bonny Light Horseman har laga ei rik dobbelplate.

Josh Kaufman, Eric D. Johnson og Anaïs Mitchell utgjer bandet Bonny Light Horseman.
Josh Kaufman, Eric D. Johnson og Anaïs Mitchell utgjer bandet Bonny Light Horseman.
Publisert

Livet vårt finst i små glimt i minnet, og somme gonger kan eit foto frå ei svunnen tid seie eit eller anna om kven vi var den gongen – noko som er fint skildra i «Singing to the Mandolin», ein av songane på Keep Me On Your Mind/ See You Free, det nye dobbelalbumet til Bonny Light Horseman.

Ein verkeleg god låt – og dei er det fleire av på denne plata – kan teikne eit bilete av både augneblunken og dei lengre linene. I «Singing to the Mandolin» er det ei lita stund med song på kjøkenet som får vere eit slags leiemotiv, ramma inn av eit nostalgisk tilbakeblikk.

Anaïs Mitchell, som utgjer Bonny Light Horseman saman med Eric D. Johnson og Josh Kaufman, syng heilt nydeleg, i ein song som har vorte noko av ein favoritt for meg denne våren.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement