Bok
Margreth Olin skriv kjenslevart og klokt om det såre, det vakre og det ufattelege.
Filmskaparen Margreth Olin debuterer som skjønnlitterær forfattar.Filmskaparen Margreth Olin debuterer som skjønnlitterær forfattar.
Foto: Agnete BrunFoto: Agnete Brun
Roman
Du skal skriva der det brenn, seier kollega Tormod Haugland, men eg tykkjer ein bør setje seg litt på avstand til brannen, elles brenn papiret opp medan ein skriv. Margreth Olin har derimot skrive tett på elden i romanen sin, så tett som råd, og ho har fått det til, utan å venta på slike perspektivutvidingar som refleksjonen kan gje ein.
Margreth Olin skriv om foreldra sine, og like mykje om heimstaden, eller heile distriktet, vakre og barske delar av Sunnmøre og Nordfjord, med fjell og brear. Tidt ho minnest ein gamal gard, kunne ein vel også seia, men mest er det fjella på godt og vondt, det vakre som også er farleg, det reine og kvite som på avstand berre er pent, men som somme tider rasar over deg.
Sterke kjensler
Aller mest handlar boka likevel om kjærleiken mellom menneske, og då først og fremst mellom mora Magnhild og faren Jørgen, og deira band att og fram i slekta. Det er sterke kjensler som vert presenterte, men dei ovrar seg mindre ved erklæringar enn ved gode famntak, lått og tårer, skjemt og gilde blikk. Det ligg ikkje i naturen til desse folka mellom fjell og fonn å ta store ord i munnen, dei syner kva dei meiner, heller enn å gje det uttrykk ved noko så upresist som ord.
Ytre omstende i boka er mellom anna prega av den nye filmen Margreth Olin då lagar, Fedrelandet, der ho er med far sin på turar i den imponerande naturen i nærområdet, der ein ikkje spring berrføtt i fjell og finne, men lyt ta seg i akt og ha vørdnad for fjellet.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.