Musikk
Marinade av popkornsveitte
Shygirl serverer rykande ferske bakverk basert på essensen av dansepop frå 2000-talet.
Den britiske songaren, rapparen, produsenten og DJ-en Blaine Muise, betre kjend som Shygirl.
Luca Bruno / AP / NTB
Den britiske songaren, rapparen, produsenten og DJ-en Blaine Muse platedebuterte under artistnamnet Shygirl i 2016. Den nye EP-en hennar, Club Shy, er ei samling handsamingar av klassiske klubbmusikklydbilete slik vi kjenner dei frå 2000-talet. Med seg på laget har ho produsentar som Boyz Noise og Empress Of.
Her går det i gjenklangen av tropisk belearic beat i sveittemorgontåkedal-og-berg-og-baner. Songen «f@k€» er prega av spor etter eurodance à la Darude, lette Scooter-dansetrinn og Prodigys big beat. Big room house-hymnen «tell me» er ei undersøking av electrohouse- og elektropoplandskapet der det drypande varme lydbiletet kommuniserer melankolsk eufori.
Songen «mr useless» er den mest songbare på EP-en, ein popkomposisjon som dansar omkring i same spegelsal som Tove Lo: Dei lyse og kontante melodisk perkusjonliknande synthlydane er marinerte i den kjende lyden av Hot Butters song frå 1976, «Popcorn».
Ein kunne kan hende kalle det heile klisjéfylt, men så er det jo gjerne slik at klisjear har blitt klisjear av ein grunn, til dømes at dei resonerer med noko i den felles opplevinga av det å vere inkarnert i menneskeform på denne planeten.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.