Musikk

Marknadsleikeplassen

Gamle Billie Eilish-innspelingar er det nye i Fortnite Festival Season 3.

Publisert Sist oppdatert

Spelet Fortnite er populært. Under storhendinga «The Big Bang Event» i desember, var 11.616.374 spelarar logga inn samstundes for å sjå ei gigantisk, monstrøs utgåve av den rappkjefta rapparen Eminem markere overgangen til ein ny æra i dette digitale mikroverset.

Ei veke seinare mani­-
festerte spelmodusen Fortnite Festival seg.

Det nærmar seg festivalsesong i røynda og Fortnite Festival er inne i sin tredje sesong. Som festivalar flest har Fortnite Festival headliner-artistar: Først ut var The Weeknd, deretter stod mangfaldige Lady Gaga på scenen i vekevis, og no er Billie Eilish hovudattraksjonen.

Eg såg for meg at «festivalen» skulle by på artige show med brask og bram à la Marshmellow-konserten i 2018, den nemnde Eminem-greia og black lives matter-paneldebattane i 2020, men det er her tale om eit rytmespel der ein trykkjer på knappar for å «spele» enkelte instrument i bandet, ikkje ulikt Guitar Hero og Rock Band. Nytteverdien av slikt er at det kan vere ei slags høyrelære for folk utan musikkbakgrunn.

Ingen av songane er spelte inn live: Dei er henta rett frå albuma til Eilish. Repertoaret består av spion-disco-rock-r&b-songane «Bad Guy»,«All the Good Girls Go to Hell» og «Therefore I Am», slow rock- og pop-punk-balladane «Happier Than Ever (Edit)» og «Oxytocin», komplett med valiumvokalen og den dramatiske basslinestilen som kjenneteiknar triphop frå tidleg 2000-tal.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement