Teater
«Matias Faldbakkens tankevekkjande roman blir litt borte i ei altfor verkemiddelstyrt framsyning.»
Kvar vart det av resten?
Frå venstre Selome Emnetu, Madalena Sousa Helly-Hansen, Stine Fevik og Håkon Ramstad på scena i Torshovteatret.
Foto: Erika Hebbert
Så er også Matias Faldbakkens delvis absurde bygderoman frå 2019 blitt teater. Når teaterfantasien ikkje rekk lenger enn til å dramatisere romansuksessar, er det i det minste godt at det vi får sjå på scenen, ikkje er ei tam gjenforteljing. Til gjengjeld har Ole Johan Skjelbred omskapt romanen til noko det ikkje heile tida er like lett å kjenne att. Han har gripe fatt i det absurde og den mørke humoren, som blir stadig sterkare utover i boka, og late det heilt dominere i sceneversjonen.
Dette synest å ha skapt eit sug etter sceniske verkemiddel, og dette suget har blitt om lag som Klumpen familiefaren har skapt av raudleire og nokre uklare ingrediensar – noko som til slutt ikkje lèt seg styre. Når verkemidla står i kø, personane er lett karikerte og sterk lyd blir pumpa inn gjennom heile framsyninga, opplever eg dette som overkill.
Faldbakkens roman om ein skapnad som vender seg mot skaparen sin, og med sine talrike referansar til populærkulturelle mytar om Frankenstein, Pygmalion, Golem og fleire, kan lett lesast som ei åtvaring mot det som i dag blir gjord med kunstig intelligens. Men i den sceniske versjonen om familien Blystad på flatbygdene kring Mjøsa blir mykje av alvoret borte i overdrivingar, jag etter effektar og eit oppskrudd tempo. Då hjelper det ikkje at kvartetten Madalena Sousa Helly-Hansen, Stine Fevik, Selome Emnetu og Håkon Ramstad leverer framifrå innsats.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.