Litteratur

«Me hadde tri sermerkte lærarar i Ulvik i min ungdom.»

Publisert

Kvar veke trykkjer vi eit utdrag frå Olav H. Hauges Dagbok 1924–1994, Samlaget 2000.

22. november 1956

Siste vika har eg vore i eit fælt humør. Forkjøling, svimmel. Og sjølvsagt har det ikkje vorte gjort noko. Korkje ute eller inne.

Av andre ting som eg kan ha hug å nemna er at eg har lese Bøddelen av Lagerkvist. Ein visjon kunde ein kalle det, tvo psykiske tidsbilete, der han, bøddelen i den raude kappa, symboliserar det styggaste i mannehugen, å slå i hel alle som ikkje trur og tenkjer som du. Til slutt segjer han sin profeti: menneskja vil koma til å øydeleggja seg sjølv, og det einaste som er att etter dei er skarprettarsverdet. Øverland har sett um boki og han kan slikt.

Når eg las denne boki av Lagerkvist, kom eg til å tenkja på at eg har sjølv vore inne på same tanken, og kven lyt ikkje det, i ei slik tid?

Dagbladet har ein diskusjon. «Kejsaren och poeten», eit høyrespel av Werner Aspenstrøm gjekk i kringkastingi i kveld. Godt. Framifrå. Ekte svensk. Tanketungt. Men poetisk og vakkert, vakkert som mykje av svenske dikt. Fylt av friske merkelege bilete.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement